12.10. Skjer frå sjablong

12.10.1. Oversyn

Figur 17.269. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

«Skjer frå sjablong» brukt


Dette filteret arbeider med to bilete, kjeldebiletet og målbiletet. Kjeldebiletet må ha berre eitt lag, vera i gråskala og utan alfakanal. Dette biletet vert brukt som utvalsmaske og vert brukt som mønster for utskjeringseffekten. Biletet som det skal skjerast ut i, målbiletet, må ha eitt enkelt biletlag i RGB-format eller gråskala. Dette biletet må ha nøyaktig same format som sjablongbiletet.

12.10.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til filteret frå hovudmenyen via FilterDekorSkjer frå sjablong….

[Tips] Tips

Dersom kommandoen er gråa ut sjølv om biletet er i gråskala, kan det vera fordi biletet har alfakanal. Fjern denne.

12.10.3. Innstillingar

Figur 17.270. Innstillingane for filteret «skjer frå sjablong»

Innstillingane for filteret «skjer frå sjablong»

Biletet som det skal skjerast ut i

Her kan du velja kva bilete som effekten av utskjeringa skal verka på. Nedtrekkslista vil visa alle opna bilete som du kan bruka effekten på.

Skjer ut kvite område

Denne innstillinga er normalt aktivert og gjer at sjablongen verkar slik som nemnd ovanfor. Dersom denne ikkje er aktivert, vil filteret bruka det inverterte biletet som mønster. Eksempel:

Figur 17.271. Gravørmasker

Gravørmasker

Normal maske

Gravørmasker

Invertert maske


I ekseplet nedanfor er kjelda eit bilete i gråskala medan målet er eit bilete med tremønster.

Til venstre: Det er kryssa av for Skjer ut kvite område. Pikslane i målbiletet som svarar til kvite pikslar i mønsteret (rundt teksten) er utskore. Resultatet er tekst i relieff.

Til høgre: Det er ikkje kryssa av for Skjer ut kvite område. Pikslane i målbiletet som svarar til svarte pikslar i mønsteret (rundt teksten) er utskore. Resultatet er ein uthola tekst.

Figur 17.272. Eksempel på «skjer kvite område»

Eksempel på «skjer kvite område»

Kvite område utskorne

Eksempel på «skjer kvite område»

Sjablong

Eksempel på «skjer kvite område»

Svarte område utskorne


Du kan finne meir informasjon om dei ulike laga dette filteret bruker i [GROKKING].