12.11. Kromeffekt

12.11.1. Oversyn

Figur 17.273. Eksempel på bruk av filteret «Kromeffekt»

Eksempel på bruk av filteret «Kromeffekt»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Kromeffekt»

«Kromeffekt» brukt


Dette filteret lager ein «state of the art» kromeffekt. Kjeldebiletet vert brukt som maske («stensil») for kromeffekten, og må ha berre eitt lag, vere i gråskala og utan alfakanal.

Filteret lagar eit nytt bilete med kromeffekten brukt på kjeldebiletet eller, viss det finst eit utval, på utvalet i kjeldebiletet (det vert også lagt til ein fin bakgrunn).

12.11.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterDekorKromeffekt.

[Tips] Tips

Dersom kommandoen er gråa ut sjølv om biletet er i gråskala, kan det vere fordi biletet har alfakanal. Fjern denne.

12.11.3. Innstillingar

Figur 17.274. Innstillingane for «kromeffekt»

Innstillingane for «kromeffekt»

Krom metning, Krom lysverdi

Bruk dette valet for å bestemma korleis metning og lysstyrke for «kromlaget» skal justerast. Negative verdiar vil redusera metninga og lysmengda.

Kromfaktor

Denne faktoren let deg justera forskyving, sløringsradius og penselstorleik som vert brukt for å laga «Krom»- og «Høglys»-laget ( og også «Slagskugge»).

Ver forsiktig når du endrar denne. Minkande verdiar kan gjera kromeffekten verre. Det ser ut til at den førehandsvalde verdien, 0,75, gijev eit bra resultat.

Omgivnadskart

Omgivnadskartet er eit bilete som vert lagt til som ei form for «støy» i kjeldebiletet. Effekten er mest synleg dersom du vel eit enkelt kart med tydelege former:

Å bruke eit enkelt omgivnadskart

Omgivnadskartet kan også vere eit gråskalabilete. Dersom storleiken ikkje er den same som originalbiletet, vert kartbiletet skalert til storleiken på kjeldebiletet.

Høglysbalanse

Denne fargen vert brukt til å endra fargebalansen i «høglyslaget»: Mengda av raudt, grønt og blått er auka i høve til dei tilsvarande verdiane i dei spesifiserte innstillingane.

Unngå fargar med verdiar for raud, grøn og blå > 230.

Krombalanse

Same som ovanfor, men endrar fargebalansen for «kromlaget».

Krom kvite område

Denne innstillinga er normalt aktivert og gjer at kjeldebiletet vert brukt som maske. Dersom denne ikkje er markert, vert det inverterte kjeldebiletet brukt.

12.11.4. Korleis laga kromeffekten

Det følgjande er ei kort og forenkla forklaring på korleis skriptet (eigentleg i Script-Fu) lagar kromeffekten.

If you apply the filter to your source images and then look at the Layers Dialog of the resulting image, you will see that there are two main layers which make up the chrome effect: the «Chrome» layer and the «Highlight» layer. These layers are created as follows:

  1. Skriptet lagar eit forenkla, sløra lag frå kjeldebiletet, eller frå det inverterte biletet dersom Krom kvite område ikkje er avkryssa.

    Kontrollen Kromfaktor bestemmer effekten av dette laget.

  2. Det eventuelt skalerte omgivnadskartet er sløra og fletta saman med laget over med 50 % gjennomsikt. (Ser du katten i eksempelet?)

    Å flette inn omgjevnadskartet

  3. Lysstyrken (verdien) til laget er modifisert i høve til ei splinbasert intensitetskurve.

    Å modifisera intesitetskurva

  4. Det er lagt til ei lagmaske med data frå kjeldebiletet («kromeffekten»). Dette er «kromlaget» før det endelege steget.

    «Høglyslaget» er ein kopi av «kromlaget» med lagmaska overstroke med ein kvit pensel.

    Basis for krom og høglys

  5. Fargebalansen i begge laga vert modifisert i høve til innstillingane for Høglysbalanse og Krombalanse ved å auke mengda av raud, grøn og blå mest i høglysa.

    I tillegg er metninga og kor lyst «kromlaget» er endra ved hjelp av kontrollane Krom metning og Krom lysverdi.

    Krom- og høglyslaget

Til slutt legg du til slagskugge og eit bakgrunnslag for å få eksempelbiletet for filteret «Kromeffekt».