12.9. Flekkar

12.9.1. Oversyn

Figur 17.267. Eksempel på bruk av filteret «flekkar»

Eksempel på bruk av filteret «flekkar»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «flekkar»

«Flekk» lagt til med fargeovergangen «Cold Steel 2»


Dette filteret legg inn flekkar i biletet.

Kvar flekk får sitt biletlag som vert flytt tilfeldig rundt i biletet for å spreia flekkane. Når filteret har gjort seg ferdig, kan du sjå grensene for topplaget. Då er det enkelt å flytta på flekkane, skalera dei eller fjerna dei. Har du behov for fleire flekkar, er det berre å køyre filteret ein gong til.

12.9.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterDekorFlekkar….

12.9.3. Innstillingar

Figur 17.268. Innstillingane for filteret «Flekkar»

Innstillingane for filteret «Flekkar»

Kor mange flekkar som skal leggjast til

Talet på flekkar (1-10).

Gjer berre mørkare

Sidan kvar flekk har sitt eige biletlag, må desse laga flettast saman for å gjera biletet synleg. Viss dette valet er merkt, den relevante lagmodusen er sett til «gjer berre mørkare», elles er det sett til «normal».

Lagmodus bestemmer korleis pikslane i laga skal blandast saman. Viss

Fargeovergang til fargeflekkane

Fargeovergangen som er brukt for å laga flekkane.