Figur 17.263. Eksempel på bruk av filteret
Originalbiletet
Eksempel på bruk av filteret «avrunda hjørne»
Dette filteret lagar avrunda hjørne på biletet, eller ein kopi av det. I tillegg kan du velje å legge til slagskygge og bakgrunnslag.
Filteret kan arbeide både på RGB-bilete og gråskalabilete. Dersom du vel å legge til eit bakgrunnslag, vert dette farga med den gjeldande bakgrunnsfargen.
Dei avrunda hjørnene vert laga ved å avsetje ein kvartsirkel i kvart hjørne og deretter fjerna alt som ligg utanfor sirkelen. «Kantradius» er radius for denne sirkelen.
In the examples below, the filter was applied to a 100×100 pixels image, with varying edge radius. For radius = 50, the four quadrants just form a circle with diameter = 100, which exactly fits into the original image outline. A radius greater than 50 is possible, but look what happens:
Figur 17.265. Eksempel på ulike kantradiar
A 100×100 pixels image, edge radius: 15 (default).
Kantradius = 35.
Kantradius = 50.
Kantradius = 65.
Denne innstillinga gjer at det vert lagt til ein skygge bak biletet etter hjørneavrundunga.
Her bestemmer du kor langt frå biletet skyggen skal leggjast, målt i pikslar. Høge verdiar gjer at skyggen tilsynelatande vert lagt langt ut frå biletet, små verdiar at skyggen treff nær biletet.
Figur 17.266. Eksempel på bruk av slagskygge
X-forskyving = 8, Y-forskyving = 8 (normalinnstilllinga)
X-forskyving = 16, Y-forskyving = 4
Legg merke til at både skyggeforskyvinga og sløringsradius påverkar forskyvinga på bakgrunnslaget.
Her kan du eventuelt bestemma kor brei uttoninga av skyggen skal vere. Talet du skriv inn her vert brukt av filteret slagskygge. Biletet vert forstørra i begge retningane med det doble av sløringsradius.
Denne funksjonen er normalt aktivert og vil legge eit bakgrunnslag fylt med gjeldande bakgrunnsfarge bak det eksisterande laget. Storleiken på laget vert bestemt av sløringsradius.
Dersom du har merka av for dette valet, vil filteret opprette eit nytt vindauge med filteret brukt på ein kopi av biletet. Originalbiletet vere uforandra.