12.8. Dias

12.8.1. Oversyn

Figur 17.265. Eksempel på bruk av filteret «Dias»

Eksempel på bruk av filteret «Dias»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Dias»

Eksempel på bruk av filteret «dias»


Dette filteret gjer at biletet vert sjåande ut som eit lysbilde (dias) ved å leggja til ein svart kant rundt biletet med gripehol og merkelappar.

Om nødvendig vert biletet klipt for å passa inn i sideforholdet: 3 : 2. Viss biletbreidda er større enn bilethøgda, vert det lagt til svarte rammer oppe og nede i bletet, elles vert rammene lagt på høgre og venstre side. Du kan bestemma farge og skrifttype for teksten som kjem fram i rammene. Perforeringane vert teikna med den gjeldande bakgrunnsfargen.

Dette skriptet verkar berre på RGB-bilete og gråskalabilete med eitt biletlag. For andre format er menyoppføringa gråa ut.

12.8.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterDekorDias….

12.8.3. Innstillingar

Figur 17.266. Innstillingane for filteret «dias»

Innstillingane for filteret «dias»

Tekst

Teksten som skal visast oppe og nede (eller høgre og venstre side) på ramma («filmen»). Det er lite plass, så teksten bør vere kort.

Nummer

Her kan du skriva inn ein tekst for å simulera fortløpande tal. To tal vert viste: dette talet og dette talet med teiknet «A» lagt til.

Skrifttype

Klikk på denne knappen for å opna dialogvindauget for skrifttype for å velja skrifttypen for teksten på ramma.

Tekstfarge

Klikk på denne knappen for å opna dialogvindauget for å velja farge på teksten.

Arbeid på kopi

Dersom du har merkt av for dette valet, vil filteret oppretta eit nytt vindauge med filteret brukt på ein kopi av biletet. Originalbiletet vere uforandra.