3.8. Dialogen for skrifttypar

Figur 15.59. Dialogen for skrifttypar

Dialogen for skrifttypar

Denne dialogen vert brukt for å velje skrifttypar for bruk med tekstverktøyet. I tillegg kan du oppdatera lista over tilgjengelege skrifttypar dersom du legg til nye medan GIMP er i bruk.

3.8.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til dialogvindauget

  • from the main menu: WindowsDockable DialogsFonts;

  • from the Tab menu in any dockable dialog by clicking on and selecting Add TabFonts,

  • eller frå innstillingane for tekstverktøyet ved å klikka på knappen «Skrifttype». Det kjem då opp ein skrifttypeveljar. Trykker du på knappen i nedre, venstre hjørne av denne, får du opp menyen for skrifttypar.

In the Windows menu, there is a list of detached windows which exists only if at least one dialog remains open. In this case, you can raise the «Fonts» dialog from the main menu: WindowsFonts.

3.8.2. Å bruke dialogen

Det er vel inga overrasking at den vanlegaste bruken av denne dialogen er å velje skrifttype for tekstverktøyet. Dette gjer du ganske enkelt ved å klikka på den ønskte skrifttypen. Dersom du held nede museknappen ei lita stund medan du held musepeikaren over eksemplet på skrifttypen («Aa»), vil det dukke opp ei setning som inneheld alle bokstavane i alfabetet. («Høvdingens kjære squaw får litt pizza i Mexico by»).

Rutenett/Liste-modus

Figur 15.60. Dialogen for skrifttypar

Dialogen for skrifttypar

Dialogen på tabellform

Dialogen for skrifttypar

Dialogen på listeform


[Tips] Tips

Tastekombinasjonen Ctrl + F opnar ei søkefil. Sjå Vis som liste/tabell

Du kan velje utsjånad på dialogen ved å gå inn på fanemenyen og velje mellom Vis som tabell og Vis som liste. I tabellform vert alle tilgjengelege skrifttypar viste med «Aa». I listeform vert det i tillegg vist namnet på skrifttypen.

Oppdater skrifttypane

Trykk på denne knappen for å laste inn skrifttypane på nytt og gjere dei tilgjengelege for tekstverktøyet. Dette kjem helst til nytte dersom du legg inn nye skrifttypar medan GIMP er i bruk. Det er også råd å oppdatere lista med skrifttypar ved å høgreklikke i dialogvindauget og velje «Last skrifttypane på nytt» frå menyen som dukkar opp. Det er faktisk det einaste valet i denne menyen.

[Tips] Tips

Du kan endra storleiken på førehandsvisinga av skrifttypane i dialogvindauget ved hjelp av undermenyen «storleik på førehandsvisinga» i fanemenyen.