Kapittel 7. Teikne med GIMP

Innhald

1. Utval
1.1. Mjuke kantar
1.2. Å lage eit delvis gjennomsiktig utval
2. Å laga og bruka utval
2.1. Å flytta eller endra storleik på eit utval
2.2. Å leggja til eit utval i eit utval som finst frå før
3. Snarmaska
3.1. Oversyn
3.2. Eigenskapar for snarmaska
3.3. Å bruka snarmaskemodus
4. Banar
4.1. Å laga banar
4.2. Eigenskapar for banane
4.3. Banar og utval
4.4. Transformere banar
4.5. Å streka opp ein bane
4.6. Banar og tekst
4.7. Banar og SVG-filer
5. Penslar
5.1. Å leggja til nye penslar
5.2. Å laga animerte penslar
5.3. Å endra penselbreidda
5.4. Pensel i ei snarvending
6. Fargeovergangar
7. Mønsterelement
8. Palettar
8.1. Fargekart
9. Forval
10. Enkle teikneobjekt
10.1. Å teikna ei rett linje
10.2. Å laga grunnleggjande figurar

1. Utval

Når du arbeidar med eit bilete, er det ofte ønskjeleg å påverka berre delar av biletet. I GIMP kan du markera område i biletet som utval og arbeida vidare på dette. Når du lastar inn eit bilete, vil normalt heile biletet vera markert som eit utvald, men det er enkelt å avgrensa utvalet undervegs. Dei fleste, men ikkje alle, verktøya i GIMP vil verka berre innføre eit utval.

Figur 7.1. Korleis isolere dette treet?

Korleis isolere dette treet?

Kunsten å gjera det rette utvalet vil ofte vera nøkkelen som opnar for å få til det resultatet du ønskjer. Diverre er det ikkje alltid like enkelt å få til. I biletet over skulle eg gjerne ha klipt treet i forgrunnen ut frå bakgrunnen og limt det inn i eit anna bilete. For å kunne gjera dette, må eg kunne lage eit utval som inneheld berre treet og ingenting anna. Dette er vanskeleg både fordi treet har eit komplekst omriss og fordi det kan vera vanskeleg å skilje treet frå bakgrunnen.

Figur 7.2. Den vanlege visinga av utvalet med prikkelinja.

Den vanlege visinga av utvalet med prikkelinja.

Her kjem det eit viktig punkt som det er heilt avgjerande at du forstår dersom du ønskjer å utnytta GIMP. Til vanleg ser du utvalet omkransa av ei prikkelinje. Utvalet kan vera ein del av biletet, eller heile biletet. Dermed er det lett å tru at utvalet er ein slags figur med dei utvalde partane på innsida, og resten av biletet på utsida av figuren. Dette kan i mange tilfelle vera ei grei forklaring, men held ikkje alltid.

Eigentleg vert eit utval handsama av GIMP som ein kanal. Den indre strukturen i eit utval er identisk med farge- og alfa-kanalane i eit bilete. I utvalet har altså kvart biletpunkt sin eigen verdi definert i området 0 (umarkert) til 255 (full markering). Fordelen med dette er at kvart punkt kan vera meir eller mindre utvald, dvs. ha verdiar mellom 0 og 255. Som du vil sjå seinare, er det mange situasjonar der det er ein fordel å ha mjuke overgangar mellom den utvalde delen av biletet og resten av biletet.

Kva så med prikkelinja som dukkar opp når du oppretter eit utval?

Prikkelinja er ei konturlinje som deler område som er meir enn halveges utvalde frå område som er mindre enn halvvegs utvalde.

Figur 7.3. Same utvalet i snarmaskemodus.

Same utvalet i snarmaskemodus.

Når du ser prikkelinja som markerer utvalet, må du hugse på at denne linja ikkje fortel heile historia. Ønskjer du å studera detaljane i eit utval, er det enklaste å klikka på snarmaske-knappen i nedre, venstre hjørne av biletvindauget. Dette vil leggja ei gjennomsiktig maske over biletet. Dei utvalde områda vert ikkje dekka av maska, medan dei områda som ikkje er utvalde er raudfarga. Dess meir området er utvald, dess mindre raudfarge.

Som nemnd i oversynet over snarmaska, verkar mange operasjonar annleis i snarmaskemodus enn elles,. Bruk snarmaskeknappen nede i venstre hjørne av biletvindauget for å slå snarmaska av og på.

Figur 7.4. Same utvalet i snarmaskemodus, med mjuk kant.

Same utvalet i snarmaskemodus, med mjuk kant.

1.1. Mjuke kantar

I standardinnstillingane til utvalsverktøya, som t.d. verktøyet for rektangelutvalet, vert markeringa avgrensa med skarpe kantar. Pikslane innføre prikkelinja er fullstendig utvalde, medan pikslane utanfor ikkje er utvalde i det heile. Dette kan du kontrollera med snarmaska. Du få eit tydeleg avgrensa rektangel omringa av raudfarge. I verktøykassen finn du ein liten kontrollboks kalla Mjuke kantar. Dersom du slår på denne, kan du bestemma kor brei overgangen frå fullt utvald til ikkje utvald skal vera ved hjelp av glidebrytaren Radius.

Du kan prøva ut dette med det rektangulære utvalsverktøyet og kontrollera resultatet ved å slå på snarmaska. Den tidlegare skarpe overgangen er vorte uskarp.

Dei mjuke kantane er svært grei å bruka når du klipper ut og limer inn utval i eit bilete. Den uskarpe kanten gjer overgangane mindre synlege. Tilpassinga vert dermed enklare.

Du kan leggja til mjuke kantar i eit utval når det måtte passa deg, sjølv om utvalet opphavleg vart laga med skarpe kantar. Gå inn på UtvalMjuke kantar i hovudmenyen for å opna dialogvindauge for mjuke kantar. Set breidda på overgangen og trykk på knappen OK. Du kan også gå den motsette vegen, og gjera kanten skarpare ved å gå inn på UtvalGjer skarpare.

[Notat] Notat

For den spesielt interesserte lesaren: Dei mjuke kantane vert laga ved å lage ei gaussisk utjamning med den spesifiserte radiusen (breidda) til den valde kanalen.

1.2. Å lage eit delvis gjennomsiktig utval

Du kan bestemma gjennomsikta for eit lag, men kan ikkje gjera dette direkte for eit utval. Korleis kan ein då lage for eksempel eit bilete av eit gjennomsiktig glas? Her er ein metode:

  • For enkle utval, bruk viskeleret innstilt til ønskt gjennomsikt.

  • For meir komplekse utval: Lag eit flytande utval med Utval+Gjer flytande. Dette vil laga eit nytt, «flytande lag» (Del 4.5, «Flytande») i utvalet. Slå på dette og bruk glidebrytaren «Dekkevne» for å stilla inn på ønskt dekkevne. Neste steget er å forankra utvalet. Fører du musepeikaren utføre utvalet, vil ikonet skifta til eit anker. Venstreklikk, og det flytande laget forsvinn frå dialogvindauget for lag. Utvalet er limt inn på ønskt stad i biletet med ønskt gjennomsikt. Forankringa verkar slik berre når utvalsverktøya er i bruk. Brukar du andre verktøy, kan du gå inn i sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i lagdialogvindauget og velja «Forankra laget».

    Dersom du brukar denne funksjonen ofte, er det enklaste å bruka snartastar: Kopier utvalet med Ctrl + C og lim det inn som flytande lag med Ctrl + V og deretter menyvalet LagNytt Lag. Du kan justera dekkevna før eller etter at du har oppretta det nye laget.

  • Endeleg kan du også bruka Lag+Masker+Legg til lagmaske for å leggja ei maske til laget med utvalet. Du kan bruka ein pensel med høveleg dekkevne (gjennomsikt) og teikna med svart farge der du ønskjer utvalet gjennomsiktig. Deretter legg du lagmaska inn i biletet med Lag+Masker+Bruk lagmaske. Sjå Del 2.1.4, «Lagmasker».

  • Dersom du øskjer å gjera den einsfarga bakgrunnen i biletet gjennomsiktig, legg du til ein alfakanal dersom denne ikkje finst frå før og vel bakgrunnen med tryllestaven. Bruk deretter fargeplukkaren og hent bakgrunnsfargen slik at denne vert forgrunnsfargen i verktøykassen. Slå på fyllverktøyet og set modus til «slett farge». Fyll deretter utvalet. Denne metoden vil viska ut pikslar med same fargen som fyllfargen. Pikslar med nærliggande fargar vert delvis utvalde samstundes som fargen endrar seg meir eller mindre.

    Den enklaste måten er å bruka kommandoen RedigerTøm utvalet som gjer pikslane fullstendig gjennomsiktige, men utan at du kan styra dekkevna slik du kan når du brukar fyllverktøyet.