6.23. Format for tittel- og statuslinjer i biletet

Figur 15.94. Innstillingar for format for tittel- og statuslinjer i biletet

Innstillingar for format for tittel- og statuslinjer i biletet

Denne sida vert brukt for å tilpassa tekst som kjem fram på tittellinja og på statuslinja i biletvindauget. Tittellinja skal normalt verta vist over biletet, men sidan dette krev eit samarbeid med bilethandsamaren i datamaskinen, er det slett ikkje sikkert at dette alltid er tilfelle. Statuslinja skal på same måten normalt vera å finna under biletet, men heller ikkje her kan ein vera heilt sikker på at så er tilfelle. Sjå meir om dette i avsnittet om biletvindauge.

6.23.1. Slå på dette dialogvindauget

Du har tilgang til dette dialogvindauget frå hovudmenyen via RedigerBrukarinnstillingar,

6.23.2. Velje eit format

Du kan velje mellom ein del ferdige format, eller du kan lage eit sjølv ved å skrive inn ein formatstreng. Denne formatstrengen viser alt slik du skriv det inn, unntatt variablane, som alltid byrjar med «%». Her kjem ei liste aver dei variablane du kan bruke:

Variablane Betyr
%f Namnet på biletfila, eller «Utan namn»
%F Full bane, eller «Utan namn»
%p ID-nummer for biletet (dette er unikt).
%i Visningsnummer dersom biletet har meir enn ei vising
%t Bilettype (RGB, gråtone eller indeksert)
%z Forstørringsfaktor i prosent
%s Skaleringsfaktor kjelde (forstørringsnivå= %d/%s)
%d Skaleringsfaktor mål (forstørringsnivå= %d/%s)
%Dx Utvid til x dersom biletet er ulagra, elles ingenting
%Cx Utvid til x dersom biletet er lagra, elles ingenting
%l Talet på lag
%L Talet på lag (lang form)
%m Minne brukt av biletet
%n Namnet på gjeldande lag/kanal
%o Namnet på fargeprofilen
%P ID for gjeldande lag/kanal
%w Biletbreidde i pikslar
%W Biletbreidde i brukt måleeining
%h Bilethøgde i pikslar
%H Bilethøgde i brukt måleeining
%u Symbol for måleeining (t.d. px for piksel)
%U Forkorting for måleeining
%x Gjeldande lagbreidd i pikslar
%X Gjeldande lagbreidd i verkeleg måleeining
%y Gjeldande laghøgd i pikslar
%Y Gjeldande laghøgd i reell måleeining
%% Skriv ut teiknet «%»