8.55. Farg inn biletet

The Colorize filter renders the active layer or selection into a grayscale image as seen through a colored glass. You can use it to apply a «Sepia» effect to your image, for example.

[Tips] Tips

Dette filteret brukar fargemodellen HSL. Tidlegare utgåver av GIMP brukte eit liknande filter, «Fargelegg», som brukte HSV-modellen i staden. Du kan framleis få til denne effekten ved å bruka spesifikke parametrar (som metning = 1,0 og lysmengd = -0,5) eller ved å spesifisera metning = 0,0 og påføra av fargetonen som eit eiget steg.

8.55.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til dette filteret på hovudmenyen via FargarInnfarging ….

8.55.2. Innstillingar

Figur 16.223. Dialogvindauget for fargeleggjingsfilteret

Dialogvindauget for fargeleggjingsfilteret

Forval, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse vala er forklarte i Del 8.1.2, «Felles eigenskapar for fargar».

Kulør

Kva fargetone som skal brukast på biletet. Merk at medan «kulør» normalt vert vist i grader (frå 0 til 360), vert han her vist frå 0,0 til 1,0. Ei fargetone på 36° vert for eksempel lagt inn som 0,1.

Metning

Intensiteten til fargetonen, viss denne er i bruk. Også denne vert uttrykt i eit område frå 0,0 til 1,0 der 0,0 gjev berre ei gråtonekonvertering og 1,0 som brukar ei rein RGB-fargetone (med den valde fargetonen).

Lysverdi

Kor lyssterkt resultatet vert. Dette vert uttrykt i HSL-termar langs eit område frå -1,0 (svart) via 0,0 (normal) til +1,0 (kvitt).

Farge

Ved å bruka fargeknappen eller fargeplukkaren kan du raskt velja farge for å fargeleggja biletet. Vel du ein farge her, vert glidebrytaren over justert automatisk.

[Notat] Notat

See HSL for more information about Hue, Saturation, and Lightness generally.