5.11. Visingsfiltra

Denne kommandoen opnar eit dialogvindauge som du kan bruka for å handsama visingsfiltra og innstillingane for desse. Visingsfiltra endrar ikkje biletet, berre visinga av det. Dei har såleis ingenting med filtra i menyen Filterå gjera. Du kan tenkja på visingsfiltra som ulike plater du set mellom deg og dataskjermen for å endra utsjånaden på biletet. Visingsfiltra vert brukte for å sjå korleis biletet vert sjåande ut i papirutskrift eller kva utslag fargehandsaminga gjer. Dei kan også vere nyttige for å vise korleis biletet ser ut for folk med ulike synsfeil.

5.11.1. Aktivering

Du har tilgang til dette menyvalet frå hovudmenyen via VisVisingsfiltra….

5.11.2. Beskriving av dialogvindauget «Visingsfiltra»

Figur 16.47. Dialogvindauget for «Fargevisingsfiltra»

Dialogvindauget for «Fargevisingsfiltra»

Dette dialogvindauget har to valboksar. Den til venstre viser Tilgjengelege filter. Du kan flytta eit filter frå dette vindauget og over til Aktive filter ved først å klikka på ønskt filter for å markera det, og deretter på pila som peikar mot høgre. Du kan flytta filtera andre vegen ved å bruka pila som peikar mot venstre. Filtra i vindauget Aktive filter vert aktiverte eller deaktiverte ved at du klikkar på det litle merket framføre filternamnet. Klikkar du på namnet til filteret, vert innstillingane for filteret viste nedanfor i området der det på figuren står Ingen filter vald.

5.11.3. For fargesvakt syn

Bileta dine vert vonleg sett av mange ulike menneske på mange ulike datasystem. Biletet som ser heilt perfekt ut på skjermen din, kan sjå heilt annleis ut for folk med synsskadar, eller på ein annan skjerm innstilt litt annleis enn den skjermen du brukar sjølv. Delar av informasjonen kan til og med vera usynleg. Visingsfiltra viser bileta slik dei ser ut for folk med ulike synsskadar.

Figur 16.48. Beskriving av dialogvindauget «For fargesvakt syn»

Beskriving av dialogvindauget «For fargesvakt syn»

5.11.3.1. Innstillingar
Type fargesynssvikt

I denne nedtrekksmenyen kan du velja mellom:

Protanopia[7] ufølsam for raudt)

Protanopia er manglande synsevne for raudfarge. Betre kjend som raud-grøn fargeblind og ikkje uvanleg.

Protanopi er eigentleg litt meir komplisert enn dette. Ein person med dette problemet ser ikkje korkje raudt eller grønt, men ser likevel gult og blått. I tillegg har han mindre følsemd for lysstyrke og kuløren han ser skifter mot dei korte bølgjelengdene, dvs. blått.

Deuteranopia (grønblind)

Deuteranopi er nokså likt protanopi, med nedsett følsemd for raudt og grønt. Skilnaden er at ein persom med deuteranopi ikkje har redusert følsemd for lysmengde og heller ikkje fargeskifte mot korte bølgelengder.

Tritanopia (blåblind)

Ein person med tritanopi har redusert følsemd for blått og gult, men har normalt syn når det gjeld raudt og grønt. Som oftast har han også redusert følsemd for lysstyrke og fargeskifte mot dei lange bølgjelengdene, dvs. raudt.

5.11.3.2. Eksempel

Figur 16.49. Eksempel på protanopia

Eksempel på protanopia

Originalbiletet

Eksempel på protanopia

Ein raudblind person kan ikkje sjå den raude (255,0,0) skrifta på svart (0,0,0) bakgrunn.


Figur 16.50. Eksempel på dei tre synsdefektane i eit bilete

Eksempel på dei tre synsdefektane i eit bilete

Normalt syn

Eksempel på dei tre synsdefektane i eit bilete

Protanopi

Eksempel på dei tre synsdefektane i eit bilete

Deuteranopi. Gult skifter mot raudt.

Eksempel på dei tre synsdefektane i eit bilete

Tritanopi. Grønt er lite representert i det blå området.


5.11.4. Gamma

Figur 16.51. Dialogvindauget «Gamma»

Dialogvindauget «Gamma»


Samanhengen mellom elektrisk intensitet og fargestyrke er på ingen måte eksakt, men er avhengig av kva utstyr, dvs. kamera, skanner, skjerm osv, du brukar. «Gamma» er ein konstant som vert brukt til å korrigera denne samanhengen. Både mørke og lyse område av biletet ditt skal vera synlege sjølv om det vert vist på ein for mørk eller for lys skjerm. Filtervisinga «Gamma» kan gje deg ein ide om korleis biletet ditt vil sjå ut t.d. på ein Mac med gamma = 1,8 eller på ein PC som typisk har ein gamma omkring 2,2. Du finn meir om dette i ordlista under gamma.

[Tips] Tips

Dersom du ønskjer ikkje berre å endre gamma for den gjeldande visinga, men for heile biletet, finn du dette omtalt i Del 8.10, «Nivå».

5.11.5. Kontrast

Figur 16.52. Dialogvindauget for «Kontrast»

Dialogvindauget for «Kontrast»


Nå er vi tilbake i medisinen att. «Kontrastfølsemd» er evna til å oppfatte små skilnader i kontrastar. Det kan vere mange årsakar til at denne evna er svekka. Augesjukdommen «grå stær», er ein tilstand der det vert utvikla ugjennomsiktige krystallar i augelinsa. Desse spreier lyset over netthinna og gjer synet uklart. Ein annan årsak kan vera skader på stavane og tappane t.d. som følgje av diabetes. Folk med nedsett evne til å sjå kontrastar, kan t.d. ha problem med å sjå prikkane på ein kjole.

Skulle dette ha vekt interesse, kan du søke på Internett på «contrast sensitivity» eller noe liknande.

5.11.5.1. Innstillingar
Kontrastsyklusar

Filteret «kontrast» gjer at du kan få ei førestiling om korleis biletet ser ut for ein med grå stær. Kan hende må du auke kontrasten i biletet slik at også bestemor ser biletet godt. I dei fleste tilfella har du berre bruk for små verdiar for kontrastsyklusar. Høge verdiar fører med seg ein sideeffekt: Aukar du verdien over 255, vil komplimentærfargane kome fram.

5.11.6. Klipp åtvaring

Figur 16.53. Dialogvindauget for «Klipp åtvaring»

Dialogvindauget for «Klipp åtvaring»

Dette filteret let deg visualisera undereksponerte og overeksponerte område av eit bilete med fargar som du sjølv kan definera. Førebels er det mest retta mot bilete der fargane vert lagra med desimalpresisjon. Du vil stort sett ha nytte av dette viss du arbeidar med 16-/32-bits per kanal i desimalpresisjon som EXR og TIFF.

5.11.6.1. Innstillingar
Vis skuggar

Slå på visualisering av undereksponerte pikslar (mindre enn 0 i 32-bits desimalpresisjon-modus).

Skuggefarge

Sjølvdefinerte fargar som vert brukte for å fylla undereksponerte pikslar.

Vis lyse toner

Slå på visualisering av overeksponerte pikslar (meir enn 1 i 32-bits desimalpresisjon-modus).

Farge for lyse toner

Sjølvdefinerte fargar som vert brukte for å fylla overeksponerte pikslar.

Vis bogus

Slå på visualisering av pikslar som ikkje er eit tal (NaN). Synleg berre når det er ein divisjon med null eller liknande.

Falsk farge

Sjølvdefinerte fargar som vert brukte for å fylla NaN-pikslar.

Inkluder alfakomponenten

Når slått på, inkluder alfakomponenten i åtvaringa.

Inkluder gjennomsiktige pikslar

Når slått på, inkluder fullstendig gjennomsiktige pikslar i åtvaringa.



[7] Gresk: proto: første (farge i fargesystemet RGB): an: negasjon; op: auge, syn.