8.36. Alien Map

8.36.1. Oversyn

Figur 16.198. Eksempel på bruk av filteret «Alien map»

Eksempel på bruk av filteret «Alien map»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Alien map»

Filter brukt med standardinnstillingar


Dette filteret forvrenger bildefargane kraftig ved å bruka trigonometriske funksjonar for å kartleggja fargeverdiar.

8.36.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til filteret frå hovudmenyen via FargarKartAlien map.

8.36.3. Innstillingar

Figur 16.199. Dialogvindauget for «Alien Map»

Dialogvindauget for «Alien Map»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Fargemodell

Fargemodellen brukt i omforminga. Vala er RGB (standard) og HSL (kulør, metning og lysverdi).

Vald fargemodell endrar dei neste innstillingane.

Raudfrekvens, grønfrekvens, blåfrekvens, Kulørfrekvens, metningsfrekvens, lysverdifrekvens

Desse glidebrytarane bestemmer frekvensmultiplikatoren for kvar komponent i fargeomforminga.

Raudskift, grønskift, blåskift, Kulørskift, metningsskift, lysverdiskift

Desse glidebrytarane og vinkelveljarane bestemmer kor mykje faseskiftet skal vera frå ein komponent til ein annan for den valde inngangskomponenten.

Behald raudkomponenten, behald grønkomponenten, behald blåkomponenten, Behald kulørkomponenten, behald metningskomponenten, behald lysverdikomponenten

Desse avkryssingsboksane gjer at du kan gjera endringar i ein eller fleire av komponentane. Alle komponentane som er avkryssa her kan ikkje endrast av filteret.

Blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».