14.16. Labyrint

14.16.1. Oversyn

Figur 17.355. Eit eksempel på ein teikna labyrint.

Eit eksempel på ein teikna labyrint.

Eksempel på bruk av filteret «Labyrint»


Dette filteret byter ut innhaldet i det aktive laget med eit tilfeldig generert labyrintmønster i svart/kvit. Kan du finna ruta frå midten og ut til kanten i eksempelet ovanfor?

14.16.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterTeikningarMønsterelementLabyrint…

14.16.3. Innstillingar

Figur 17.356. Innstillingane for filteret «Labyrint»

Innstillingane for filteret «Labyrint»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Linjebreidde, Høgde

Desse glidebrytarane vert brukte for å bestemma kor tykke veggane i labyrinten skal vera og dermed også kor mange stiar det skal vera. Dess tynnare veggar dess fleire stiar. For at figuren skal likna mest mogleg på ein labyrint, bør breidda og høgda vera den same. Innstillingane på desse brytarane påverkar også kor mange bitar det kan vera i kvart felt. Dersom du forandrar talet på bitar, vil du også sjå at tilsvarande glidebrytar forandrar seg.

Algoritmetype

Du kan velja mellom to ulike metodar for å generera labyrinten, Først djupn og Prims algoritme. I praksis betyr det ikkje så mykje kva for ein av desse du vel, nesten ingen ser skilnad.

Saumlaus

Dersom du ønskjer å bruka labyrinten som eit mønsterelement, kan du gjera dette ved å kryssa av for denne funksjonen.

Tilfeldig frø

Dette er starttalet som slumpgeneratoren brukar som utgangspunkt for å laga tilfeldige vegar i labyrinten. Normalt kan du kryssa av for Slump og såleis la programmet plukka frø på slump. Skulle du ha behov for å laga den same labyrinten fleire gonger, skriv du inn det same frøet.

Forgrunnsfarge, Bakgrunnsfarge

Du kan velja farge for labyrinten og for bakgrunnen. Standard er fargane i verktøykassa.