14.17. Sinus

14.17.1. Oversyn

Figur 17.357. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «sinus»


Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterTeikningarMønsterelementSinus….

Dette filteret lagar ein bølgjeforma tekstur som kan minna om fuktig silke, eller kan henda årringar i polert tre.

Du kan bestemma kva for to fargar som skal brukast i mønsteret. I tillegg kan du bestemma kor høge og breie bølgjene skal vere og kor komplekst mønsteret skal lagast.

Resultatbiletet er uavhengig av det opne biletet.

14.17.2. Innstillingar

Figur 17.358. Innstillingane for filteret «Sinus»

Innstillingane for filteret «Sinus»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

X-skala, Y-skala

Ein låg X-/Y-verdi vil maksimera den vassrette / loddrette strekkinga av teksturen, medan ein høg verdi vil komprimera han.

Kompleksitet

Denne kontrollen styrer kor mykje mønsteret skal utbroderast og kor mykje fargane skal påverka kvarandre. Små verdiar lagar eit enkelt, harmonisk mønster, medan store verdiar gjev meir komplekse mønster.

Tilfeldig frø

Her bestemmer du kor tilfeldig filteret skal arbeide. Viss det same frøet vert brukt i den same situasjonen, vert resultatet nøyaktig det same. Ulike frø lagar ulike resultat. Du kan skriva inn frøet ,amuelt eller ved å trykkja knappen Nytt frø.

Tving flisleggjing

Dersom denne er avkryssa, vil filteret laga eit mønster som kan brukast som flislegging. Dette er særleg aktuelt som bakgrunn på nettsider.

Fordreid

Denne innstillinga gjev ein tilleggskontroll på samhandlinga mellom dei to fargane.

Farge 1, farge 2

Her set du dei to fargane som lagar teksturen. Standard er gul og blå.

Blandemåte

Du kan her velja mellom tre ulike måtar for å bestemma utsjånaden til bølgjene: Lineær, Bilineær eller Sinusforma.

Eksponent

Denne glidebrytaren vert brukt for å bestemma kva for ein av fargane som skal vere den dominerande, og kor mykje han skal dominera. Set du glidebrytaren heilt til venstre, på -7,5 vil den venstre fargen dominere totalt. Med verdien 7,5 vil den høgre fargen dominere alt. Er brytaren ein stad mellom desse ytterpunkta, vil dominansen vere fordelt tilsvarande.