Du finn dette filteret i hovudmenyen under
→ → → .Med spiralfilteret kan du laga spiralmønster i to ulike fargar. I tillegg til å velja fargar, kan du også setja ein del andre parameterar for å kontrollera utsjånaden til spiralen.
Resultatbiletet er uavhengig av det opne biletet.
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Spiralmønstertype. Du kan velja mellom Lineær, der spiralen har den same breidda heile vegen, og Logaritmisk, der spiralen byrjar som liten i midten og veks utover mot kantane.
Forskyvinga av startpunktet for spiralmønsteret.
Spiralradiusen kontrollerar storleiken på spiralane.
Områdebalanse mellom dei to fargane.
Roteringsvinkelen for spiralen.
Retninga på spiralen kan vera anten Med klokka eller Mot klokka.
Her bestemmer du dei to fargane spiralen er sett saman av.
Viss det er merkt av for denne, som er standard, kan du kontrollera Radius, Balanse og Rotering med kontrollelementa øvst i biletet.