Kommandoen
strekkjer automatisk histogramverdiane for det aktive laget. Kommandoen finn maksimums- og minimumsverdiane for kvar kanal og bruker desse for å strekkja histogramma for raud, grøn og blå til fullt kontrastområde. Lyse fargar vert lysare og mørke fargar mørkare. Dermed aukar kontrasten. «Strekk kontrast» arbeider på biletlag i alle fargemodus, altså både RGB, gråskala og indeksert. Bruk «Strekk kontrast» berre viss du ønskjer å fjerna ei uønskt fargetone frå eit bilete som skal innehalda reint kvitt og reint svart.Kommandoen er også nokså lik kommandoen Kvitbalanse, men fjernar ikkje noen av dei svært mørke eller svært lyse pikslane. Dermed kan du risikera ein urein kvitfarge.
«Førehandsinnstillingar» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».
Påverk kvar fargekanal med same mengd.
Når sett, vil dette valet operera på gammakorrigerte verdiar i stadenfor lineær RGB.
Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».