3. Snarmaska

Figur 7.9. Bilete med tilgjengeleg snarmaske

Bilete med tilgjengeleg snarmaske

Utvalssverktøya vil laga eit omriss rundt det aktuelle området. Dersom utvala er kompliserte, kan det hende løysinga ikkje er heilt tilfredsstillande. I slike tilfelle kan det vere betre å bruke snarmaske for å teikna eit utval i staden for berre å spora omrisset.

3.1. Oversyn

Normally, a selection in GIMP is represented by «marching ants» that trace the selection outline, but there may be more to a selection than the marching ants show. A GIMP selection is actually a full-fledged grayscale channel, covering the image, with pixel values ranging from 0 (unselected) to 255 (fully selected). The marching ants are drawn along a contour of half-selected pixels. Thus, what the marching ants show you as either inside or outside the boundary is really just a slice through a continuum.

Snarmaska er GIMP sin måte å visa heile strukturen i utvalet på. Når snarmaska er aktiv, kan du også arbeida med utvalet på nye, og vesentleg kraftigare måtar. For å slå på snarmaska, klikkar du på den vesle knappen i nedre, venstre hjørnet på biletvindauget. Klikkar du ein gong til, vert snarmaska slått av, og maura dukkar opp att. Du kan også slå på snarmaske frå menyen i biletvindauget ved å klikka på UtvalSnarmaske av/på, eller ved å bruka snarvegen Shift + Q.

Du kan sjå på snarmaska som eit delvis gjennomsiktig lag lagt over biletet. Gjennomsikten til kvart av biletpunkta på maska syner kor mykje kvart punkt er utvald (markert). I utgangspunktet er maska raudfarga, men dette kan du endra dersom ein annan farge høver betre. Dess mindre ein piksel er utvald, desto meir vert han gøymd av maska. Fullt utvalde pikslar vert viste heilt klåre.

Når du er i snarmaskemodus, vert mange av endringane du gjer berre utførte i utvalskanalen, og ikkje på heile biletet. Dette gjeld spesielt for dei ulike teiknereiskapa. Teiknar du med kvitfarge, vert dei kvite biletpunkta utvalde. Brukar du svart farge, vert dei teikna punkta umarkerte. Du kan bruka alle teikneverktøya til dette, også verktøya for fyll og fargeovergangar. Som oftast vil det å arbeida på utval vera den lettaste, mest effektive og kanskje også den mest elegante måten å manipulera biletet på.

[Tips] Tips

To save a Quick Mask selection to a new channel; Make sure that there is a selection and that Quick Mask mode is not active in the image window. Use SelectSave to Channel. to create a new channel in the Channels dialog called «SelectionMask copy» (repeating this command creates «…copy#1», «…copy#2» and so on).

[Tips] Tips

Når snarmaska er aktivert, verkar kommandoane klipp og lim berre på utvalet og ikkje på heile biletet. I mange tilfelle kan du gjere deg nytte av dette når du skal overføra eit utval frå eitt bilete til eit anna.

You can learn more on Selection masks in the section dedicated to the Channels dialog.