2. Utvalsverktøya

To access these tools, select ToolsSelection Tools from the main menu.

2.1. Felles eigenskapar

Utvalsverktøya vert brukte til å velje ut arbeidsområde på eit bilete eller eit lag slik at du kan arbeida innføre utvalet utan å påverka resten av biletet eller laget. Kvart utvalsverktøy har sine eigne innstillingar, men dei har også ein del innstillingar som er felles for alle desse verktøya. Desse felles innstillingane vert omtalt her. Dei individuelle innstillingane vert tatt opp under dei verktøya dei gjeld for. Treng du nærare hjelp om kva vi meiner med «utval» i GIMP, kan du sjå nærare om dette i Del 1, «Utval».

This category includes the following tools:

I nokre tilfelle kan også baneverktøyet verta oppfatta som eit av utvalsverktøya i og med at ein lukka bane kan konverterast til eit utval. Baneverktøyet kan likevel mykje meir enn dei vanlege utvalsverktøya, dessutan deler det ikkje innstillingar med desse. Baneverktøyet er nærare omtalt i Del 5.2, «Banar».

2.1.1. Valtastane (normalinnstillinga)

Utvalsverktøya forandrar seg dersom du held nede ein eller fleire av valtastane Ctrl, Shift eller Alt medan du bruker verktøya.

[Notat] Notat

Dei som bruker GIMP mykje ven seg til å nytte valtastane, men nybyrjaren, eller dei som sjeldan bruker GIMP, tykkjer dei er forvirrande og vil heller bruke Modus-knappane som er omtalte nedanfor i staden for valtastane.

Ctrl

Held du nede Ctrl-tasten medan du lagar eit utval, kan dette resultera i to ulike handlingar, avhengig av måten du brukar knappen på:

  • Held du nede tasten medan du markerer utvalet, dvs. at du først trykkjer ned museknappen og deretter Ctrl, vil dette bytte om på valet du har sett for «Ekspander frå sentrum».

  • Trykker du ned før du markerer utvalet, vil utvalsverktøyet vere i subtraksjonsmodus. Dette betyr at det nye utvalet vert trekt i frå det eksisterande utvalet.

Alt

Når du held nede Alt-tasten kan du flytte det aktive utvalet. Berre omrisset vert flytt, ikkje innhaldet. Dersom heile biletet flytter seg, kan du prøve tastekombinasjonen Shift+Alt i staden. Dette fordi Alt-tasten i nokre tilfelle vert brukt av vindaugehandteraren i operativsystemet. GIMP vil i slike tilfelle ikkje få melding om at tasten er i bruk.

Shift

Som for Ctrl-tasten har også Shift-tasten to ulike effektar:

  • Trykker du ned tasten før du klikkar på utvalsverktøyet, vil verktøyet vere i addisjonsmodus så lenge du held Ctrl-tasten nede. Dette betyr at utvalet viert lagt til det eksisterande utvalet.

  • Trykker du ned tasten etter at du klikka på utvalsverktøyet, vil effekten vere avhengig av kva verktøy du brukar. Eksempelvis vert rektangelutvalet kvadratisk.

Ctrl+Shift

Kombinasjon Ctrl+Shift kan resultera i mange ulike effektar avhengige av kva verktøy som er aktivt. Felles for alle utvalsverktøya er at utvalssmodus vert endra til «snitt». Dette betyr at utvalet vert sett saman av det som er felles for det nye utvalet og det utvalet som finst i biletet frå før. Det vert leksa di å finna ut dei ulike kombinasjonane som kan lagast ved å halde nede Ctrl+Shift samstundes og deretter slepp ein av dei eller begge før du slepp museknappen.

Valtastane for å flytte utvala

Tastekombinasjonane Ctrl + Alt + Klikk-og-dra og Shift + Alt + Klikk-og-dra vert brukte for å flytte utvala. (Sjå Del 2.1, «Å flytta eller endra storleik på eit utval»).

Mellomromtasten

Pressing the Space bar while using a selection tool transforms this tool into the Navigation cross as long as you press the bar, allowing you to pan around the image instead of using the scroll-bars when your image is bigger than the canvas. This is the default option: in the Image Windows preferences you can toggle the Space bar to the Move tool.

2.1.2. Innstillingar

Her vil du finne ein omtale av dei verktøyvala som er felles for alle utvalsverktøya. Dei vala som finst berre for nokre få verktøy, eller som verkar ulikt på ulike verktøy, er omtalte under dei verktøya dette gjeld. Dersom du ikkje har forandra normaloppsettet, vert innstillingane for kvart verktøy vist i dialogvindauget for innstillingane til det aktuelle verktøyet like under verktøykassa, når verktøyet er aktivert. For å gjere dialogane konsekvente, er dei flete innstillingsvala viste for alle utvalsverktøya, sjølv om dei ikkje er brukte.

Modus

Dette bestemmer måten det nye utvalet skal kombinerast med utval som finst i biletet frå før. Legg merke til at alle desse funksjonane også kan utførast ved hjelp av valtastane omtalte ovanfor. Som oftast finn den erfarne brukaren det enklast å nytta tastane, medan nybyrjaren helst bruker knappane.

Replace

Erstatt: Eit eksisterande utval vert bytt ut med det nye utvalet.

Add

Legg til: Det nye utvalet vert lagt til eit eksisterande utval.

Subtract

Trekk frå: Det nye utvalet vert trekt i frå eit eksisterande utval.

Intersect

Snitt: Det endelege utvalet vert eit snitt mellom det nye utvalet og det eksisterande utvalet. Resultatet vert eit nytt utval sett saman av det som er felles for begge utvala.

Kantutjamning

Gjer at kantane på utvalet vert litt mjukare. Dette valet verkar berre på nokre få av utvalsverktøya.

Mjuke kantar

Dette valet gjer kantane på utvalet diffuse ved at punkta i grenseområda vert meir eller mindre utvalde. Sjå meir om dette i ordboka under Mjuke kantar .

When this option is checked, a Radius option appears. Default value is 10 pixels: higher image resolution, higher radius.