Kapittel 6. Få bilete ut av GIMP

Innhald

1. Filer
1.1. Lagra og eksportere bilete
1.2. Filformat
2. Å tilpassa bilete for Internett
2.1. Det optimale forholdet mellom storleik og kvalitet
2.2. Å krympe filene litt ekstra
2.3. Lagra gjennomsiktige bilete

1. Filer

GIMP kan lesa frå og skriva til eit uttal av ulike grafiske filformat. Med unnatak av GIMP sitt eige filformat, XCF, vert filhandsaminga gjort med programtillegg. Difor er det relativt enkelt å leggja til nye format i GIMPdersom behovet skulle dukka opp.

1.1. Lagra og eksportere bilete

[Notat] Notat

Når du opnar eit bilete for eksempel i JPG- eller PNG-format, vert det importert i GIMP sitt eige XCF-format som eit nytt prosjekt.

For eksempel vert biletet «solblomst.png» lasta inn som «*[solblomst] (importert)-1.0 (indeksert farge, 1 lag)». Den innleiande stjerna indikerer at denne filen er endra. Dette biletet kan lagrast som «solblomst.xcf» ved å bruka kommandoen Lagra. Viss du treng biletet i eit anna format, må du bruka kommandoen Eksport.

Når du har gjort eit bilete ferdig, ønskjer du å lagra resultatet. Faktisk er det ein god ide å lagra innimellom også. GIMP er eit nokså robust program, men det hender det krasjar.

GIMP sitt eige format XCF er spesielt. Det er det einaste formatet som kan lagra alt om eit bilete (med unnatak av informasjonen om «Angre»). Det er difor du kan lagra berre i dette formatet. XCF-formatet er spesielt eigna for å lagra mellombels resultat og for å lagra bilete som skal opnast på nytt seinare i GIMP.

XCF-filene kan ikkje lesast av dei fleste andre programma som viser bilete. Når biletet er ferdig, må du difor eksportera det i eit anna format. GIMP har støtte for mange andre format. Dei fleste formata som kan importerast kan også eksporterast.

1.2. Filformat

Du kan lagra og eksportera biletfiler på fleire måtar. Du finn meir om dette i filmenyen.

I GIMP kan du eksportere bileta du lagar i mange ulike format. Det er likevel viktig å hugse på at berre GIMP sitt eige filformat (XCF) lagrar (nesten) alle opplysningane om biletet. Alle andre format tar vare på nokre opplysningar om biletet og misser andre. Det opp til deg å kjenne eigenskapane til det formatet du vel.

Når eit bilete vert eksportert, vert sjølve biletet ikkje endra. Du taper altså ingenting på eksporten. Sjå Export file.

[Notat] Notat

Når du lukker eit bilete t.d. ved å avslutta GIMP, vil du få opp ei melding dersom biletet er «ureint», dvs. at biletet er endra utan å verta lagra etterpå. Dette vert varsla med ei stjerne framfør biletnamnet.

Figur 6.1. Åtvaringa ved lukking

Åtvaringa ved lukking

Når du lagrar eit bilete i GIMPsitt eige format XCF, gjer dette at biletet vert oppfatta som «ikkje ureint». Når du eksporterer eit bilete vert det ikkje endra til «ikkje ureint» fordi GIMP ikkje veit sikkert om all informasjon vert lagra.