5.4. Eksportera fil

GIMP brukar Lagra-kommandoen berre for å lagre bileta i XCF-format. For å lagre i andre format, må du bruka eksporter-komandoen.

Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen via FilEksporter som … eller frå tastaturet med snartastane Ctrl + Shift + E.

Figur 15.75. Dialogvindauge for eksport

Dialogvindauge for eksport

5.4.1. Dialogvindauget for eksport

Med denne filutforskaren kan du redigere filnamn og filutvidingar direkte i namneboksen (førehandsinnstillinga er «Utan namn.png»), eller ved å velje eit filnamn frå namnelista. Du må også besstemme frå Lagra i mappe kva mappe biletet skal lagrast i eller opprette ei ny mappe.

Vel filtype. Dersom utvidar dette valet, kan du velja filformatet og tilhøyrande filutviding for fila i lista.

Dialogvindauget for filformat er omtalt i Del 1, «Filer».

5.4.2. Eksporterer

Når finamnet og lagringsplassen er vald, klikk på knappen Eksporter for å få opp dialogvindauget for det spesifiserte filformatet.

[Notat] Notat

Viss namnet du skreiv inn finst frå før, vil du få spørsmål om fila skal overskrivast eller ikkje. Viss ei lagmaske eller ein kanal er vald i staden for eit lag og eksportformatet ikkje har støtte for dette, må du stadfesta dette.

Viss du har lasta inn ei fil som ikkje er XCF, gjev kommandoen FilOverskriv (etterfølgd av filnamnet) deg høve til å overskriva den opphavlege fila med det nye filformatet.

Dersom du gjer endringar i eit bilete som alt er eksportert, vert kommandoen FilEksporter til (følgd av filnamnet) slik at du kan eksportera fila igjen i det same formatet.