5. Laggrupper

«Laggrupper» gjer at du kan gruppera lag i hierarkiske strukturar. Dette gjer det enklare å handsama prosjekta når dei inneheld mange lag.

Opprett ei ny laggruppe

Du kan oppretta ei ny laggruppe ved å klikka på knappen Ny laggruppenedst i dialogvindauget Lag, ved å bruka menyoppføringa LagNy laggruppe eller frå sprettoppmenyen for lagdialogvindauget.

Denne tomme laggruppa dukkar opp like over det gjeldande laget. Det vert rådd til å gje gruppa eit forklarande namn ved å dobbeltklikka på lagnamnet, ved å trykkja F2 eller å bruka Rediger lagatributta i sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i lagdialogvindauget. Dette er betre enn dei namna som elles vert sette automatisk, som Laggruppe#1, Laggruppe#2 osv.

Du kan oppretta fleire laggrupper og du kan byggja dei inn, det vil seia å leggja ei laggruppe inn i ei anna laggruppe.

Å legge eit nytt lag til ei laggruppe

Du kan legge eksisterande lag til ei laggruppe ved å klikke og dra.

[Notat] Notat

Handa som representerer musepeikaren må verta mindre før du slepp museknappen.

Ei tynn vassrett linje viser kvar laget vert sett inn.

For å leggja eit nytt lag til den aktive laggruppa, klikk på knappen Nytt lag … nedst i lagdialogvindauget, eller bruk valet Nytt lag … i hovudmenyen eller bruk tastekombinasjonen Shift+Ctrl+N.

Når ei laggruppe ikkje er tom, vert dette vist med eit lite ikon. Klikk på dette for å falda ut eller falda saman gruppa.

Lag som høyrer til same laggruppa er flytt lite grann mot høgre slik at det skal verta enklare å sjå kva lag som er delar av gruppa.

Synleg eller usynleg

Viss ei laggruppe er gjort usynleg ved hjelp av augeikonet, men framleis er open (slik at laga inne i gruppa vert viste i lista), vert det vist eit utstrekkt auge ved sida av laga som er inne i gruppa for å indikera at desse laga er ikkje vert viste i den endelege visinga av biletet, men er teoretisk synleg i laggruppa.

Løft og senk laggrupper

You can raise and lower layer groups in the Layers dialog as you do with normal layers: click-and-dragging, and by using up arrow and down arrow keys at the bottom of the Layers dialog.

Å kopiere ei laggruppe

To duplicate a layer group, click the Create a duplicate of the layer button or right-click and select the Duplicate Layers command in the pop up context menu.

Å flytte laggrupper

You can move a layer group to another image by click-and-dragging. You can also copy-paste it using Ctrl+C and Ctrl+V: then, you get a floating selection that you must anchor (anchor button at the bottom of the Layers dialog).

Du kan også flytta ei laggruppe til lerretet: Dette vil laga ein kopi av gruppa i gruppa. Lenk saman alle laga i den kopierte laggruppa slik at du kan flytta laga samla i biletet med flytteverktøyet. Dette er ein av måtane for å laga fleire kopiar av objekt i eit bilete.

Delete Layer Groups

To delete one or more layer groups, click the Delete Layers icon button on the bottom of the Layers dialog, or drag and drop the selected layer groups on top of that button, or use the Delete Layers command from the main menu or from the Layers dialog context menu.

Innebygde laggrupper

Når ei laggruppe er aktiv, kan du legge ei anna laggruppe inn i denne med kommandoen «Legg til ny laggruppe». Det ser ikkje ut til å vera andre grenser for kor mange grupper som kan leggjast til anna enn mangel på minne.

Lagmodus og grupper

Lagmodus som vert brukt på ei laggruppe vert brukt på alle laga i gruppa. Lagmodus brukt over ei laggruppe, vert også brukt av alle laga nedanfor anten dei er med i ei laggruppe eller ikkje.

Originalbiletet

Figur 8.71. Lagmodus innføre og utanfor laggruppe

Lagmodus innføre og utanfor laggruppe

Vi la eit kvitt lag i laggruppa med HSL-fargemodus: Berre kvadratet og trekanten er gråa ut.

Lagmodus innføre og utanfor laggruppe

Vi la eit kvitt lag utanfor og over laggruppa med HSL-fargemodus: alle laga nedanfor vart endra til grå, også bakgrunnslaget.


Laggruppene har ein spesiell modus: Gå gjennom-modus. Denne modusen finst berre når ei laggruppe er aktiv.

Når denne mofusen vert brukt i staden for ei anna gruppe, vil laga inne i laggruppa oppføra seg som om dei var ein del av lagstabelen og ikkje høyra til gruppa. Lag inne i gruppa blandar seg med laga nedanfor, anten dei er inne i eller utanfor laggruppa.

Medan dei er i normal-modus vert lag i ei gruppe handsama som om dei var eit enkelt lag og vert blanda med andre lag nedanfor i stabelen. Ein modifikator på eit lag inne i gruppa blander seg berre med lag nedanfor i gruppa.

Du kan finna meir om «gå gjennom» i Gå gjennom .

Dekkevne

Når ei laggruppe er aktivert, vil endringar i dekkevne gjelde alle laga i gruppa.

Lagmaske

Masker er også tilgjengelege i laggrupper. Dei arbeider på same måten som vanlege lagmasker med dei unnataka som er nemnde nedanfor.

Storleiken på maskene i laggruppa er alltid den same som den kombinerte storleiken på alle undergruppene. Når storleiken på gruppa vert endra, vert maska klipt til den nye storleiken ‒ område av maska som fell utføre dei nye grensene vert forkasta og område som nyleg er lagt til vert fylte med svart (og er difor som standard gjennomsiktige).

Vi la til ei svart (gjennomsiktig) lagmaske til laggruppa. Dette gjer laga inne i gruppa gjennomsiktige (usynlege).

Sjølvsagt kan du framleis leggja til ei lagmaske til eit lag i gruppa for å maskera ut delar av laget.

Å finna eit lag

Når du arbeider med mange lag, kan det vera vanskeleg å finna eit bestemt lag. Sidan GIMP 2.10.10 har ein ny funksjon, lagutveljing på lerretet, vore tilgjengeleg. Bruk Alt+Midtklikk på biletelementet for å finna laget elementet høyrer til i. Alle tilgjengelege lag vert lista opp i tur og orden for å visa det nye, aktive laget. Namnet på laget vert mellombels vist på statuslinja.

Førehandsvising av lag

Det har vore problem med at førehandsvisinga av store bilete med mange lag har vore svært sakte. Viss du opplever dette, kan du slå av førehandsvisinga i RedigerInnstillingarGrensesnitt.