6.21. Biletevindauge

Figur 15.90. Generelle innstillingar for biletvindauget

Generelle innstillingar for biletvindauget

På denne sida kan du setja opp ein del innstillingar for oppførsla til biletvindauget.


6.21.1. Innstillingar

Generelt

Flett saman menyen og tittellinja

Når denne er slått på, vert tittellinja og menylinja vist på same linja. Dette kan vera nyttig for å spara litt loddrett skjermplass. Dette valet krev omstart.

Bruk «Vis alle» som standard

Referer til Del 5.3, «Vis alt» for å forstå denne innstillinga.

Bruk «Punkt for punkt» som normal

Når «Punkt for punkt» er på, vert ein piksel i biletet vist som ein piksel på skjermen dersom forstørringa er sett til 1 : 1. Når «Punkt for punkt» er slått av, vert forma på biletet vist på skjermen bestemt av X- og Y-oppløysinga i biletet. Du finn meir om dette i Del 6.21, «Skaler biletet».

Farten til dei marsjerande maura

Når du lagar eit utval, vert kantane rundt det markerte med ei prikkelinje som ser ut til å flytta seg sakte rundt kanten. Dette er dei såkalla «Marsjerande maura». Dess lågare verdi du set her, dess raskare vil maura flytta seg, og altså dess meir distraherande vert linja.

Oppførsel ved endring av visinga

Endre vindaugestorleik ved endring av biletvisinga

Dersom det er kryssa av for dette valet, vil biletvindauge forandra storleik i høve til biletet når du forstørrer eller forminsker det. Er valet ikkje avkryssa, vil biletvindauget ha same storleik heile tida.

Endra vindaugestorleiken når biletstorleiken vert endra

Dersom det er kryssa av for dette valet, vil biletvindauge forandra storleik i høve til biletet. Er valet ikkje avkryssa, vil biletvindauget ha same storleik heile tida.

Format ved opning

Du kan her velje om biletvindauget skal skalerast slik at heile biletet får plass i vindauget når du opnar det, eller du kan vise biletet i storleik 1 : 1. Dersom du vel den siste, og biletet er større enn skjermen, vert berre ein del av biletet vist. Du kan sjølvsagt likevel flytta rundt på biletet for å sjå resten av det.