Innstillingar
Normalt vil GIMP bruka det språket maskinen er sett opp med. Du kan byta til eit anna språk frå nedtrekkslista. Du må starta GIMP på nytt før endringa vert gjeldande. Sjå eller i Del 1.1, «Å byta språk».
Normalt vil GIMP visa førehandsvisingar av laginnhaldet på mange stader, inkludert dialogvindauget for lag. Dersom du av ein eller annan grunn ikkje ønskjer desse miniatyrane, kan du slå dei av ved å fjerae merket framføre Slå på førehandsvisingar av lag og kanalar ved å klikka på det. Dersom du vel å ha førehandsvisingane, kan du bestemma storleiken på dei i Standard storleik for førehandsvising av lag og kanalar og i Standard storleik for førehandsvising av navigering.
Du kan også tilpassa Angra storleik på førehandsvisinga og Storleik på førehandsvising ved navigering.
Trykk på knappen Sett opp tastatursnarvegar … for å få fram dialogvindauget Tastesnarvegarsom du kan bruka for sjå og laga dine eigne tastatursnarvegar.
Dersom du endrar tastesnarvegane og ikkje ønskjer at endringane skal brukast i seinare GIMP-økter, må du fjerna avkryssinga for Lagra tastatursnarvegane ved avslutning. Dersom du ikkje lagrar snarvegane ved avslutninga, kan du lagra dei når som helst ved å trykkja på knappen Lagra tastatursnarvegane no. Dei vert då brukte ved seinare økter. Finn du ut at dei glupe snarvegane likevel ikkje var heilt gode, kan du alltids trykkja knappen Tilbakestill tastatursnarvegane til standardverdiar. Du kan også velja å Fjerna alle tastesnarvegar.