Dette verktøyet nyttar den aktive penselen for anten å sløre eller å skjerpe deler av biletet. Sløreeffekten kan vere nyttig dersom du vil tone ned enkeltelement i biletet. Skulle du ha behov for å sløre heile biletet eller større deler av det, kjem du betre ut ved å bruke eitt av slørefiltra. Strykretninga har ingen effekt på dette verktøyet. Skulle du ha behov for å markere strykretninga, bruker du utsmøringsverktøyet.
Verktøyet slør/skjerp gjer eit bilete skarpare ved å auka kontrasten. Denne forma for skjerping har lett for å laga støy i biletet. Dersom dette er eit problem, kan du prøve eit av forbetringsfiltra, t.d. uskarpmaske.
![]() |
Tips |
---|---|
Det er også råd å skjerpe bilete ved å gå vegen om kloneverktøyet. Lag ein kopi av laget du arbeider på og køyr eit av forbetringsfiltra, t.d. uskarpmaska, på kopien. Deretter aktiverer du kloneverktøyet med «innretting» sett til «direkte». Sett dekkevne til ein liten verdi, t.d. 10. Ctrl-klikk på kopien for å gjere denne til kjelde for kloninga, og teikna på det originale laget med kloneverktøyet. Der penselen treff vert det uskarpe område blanda saman med det skarpe området. |
Begge verktøya arbeider suksessivt, dvs. at effekten aukar dess fleire gonger du stryk penselen over eit område. Kor mykje biletet skal slørast eller skjerpast for kvart strøk, vert bestemt av kontrollen som set graden. Kontrollen for dekkevne bestemmer kor mykje eit bilete maksimalt kan verta tilsløra, same kor mange gonger du stryk over det.
Du kan hente fram dette verktøyet anten frå
frå biletmenyen via
→ → ,
By clicking the tool icon
in the Toolbox.
By pressing the Shift+U keyboard shortcut.
Sjå Oversyn over teikneverktøya for omtale av dei valtastane som verkar likt på alle teikneverktøya.
Hald nede Ctrl- tasten for å bytte mellom slørmodus og skjerpmodus. Tasten reverserer valet gjort i verktøyinnstillingane.
Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.
Hard edge: this option gives a hard contour to the blurred/sharpened area.
I slør-modus vert kvar piksel som penselen glir over blanda med dei nærliggande pikslane og gir såleis ei overvekt av nokså like pikslar i penselstrøket. Dette gjer at overgangen mellom fargane vert viska ut, men kan også føra til at overgangen vert mørkare. I modus Gjer skarpare vert kvar piksel litt meir ulik nabopikslane enn han var før. Dette aukar kontrasten. For mykje skjerping gjer biletet stygt. Same kva innstilling du har vald kan du bytte til den andre innstillinga ved å halde nede Ctrl-tasten.
I skjerp-modus vert kvar piksel litt meir ulik nabopikslane for kvart strøk. Kontrasten aukar. Held du på for lenge, kan resultatet verta uventa stygt.
Denne glidebrytaren bestemmer graden av vald effekt, dvs. kor mange strøk som må til for å få maksimum effekt. Ein verdi på 0 gjer at verktøyet har ingen effekt, medan ein verdi på 100 gir stor effekt.