Blyanten vert brukt når du skal teikna på frihand med klart avgrensa strek. Verktøyet liknar nokså mykje på målarpenselen, men gjev alltid ein strek med skarpe, harde kantar sjølv om du nyttar diffuse penslar.
Dette kan vera nyttig når du arbeider med svært små bilete som t.d. ikon, eller med store forstørringar av eit bilete, og ønskjer kontroll på kvar einaste piksel slik at alle endringar vert eksakt slik du ønskjer det.
Tips | |
---|---|
Skal du teikna rette linjer med blyanten, eller ein del av dei andre teikneverktøya, klikk på startpunktet, trykk deretter på, og hald nede Shift-tasten og klikk på sluttpunktet. |
Det er fleire måtar å slå på verktøyet på:
Frå hovudmenyen via
→ → .Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa.
Ved å trykkja tasten N.
Hald denne tasten nede for å gjera blyanten om til ein fargeplukkar.
Gjer at blyanten teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar med vil dette laga ei rett linje mellom det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet.
Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa så snart som du slår på verktøyet. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opna verktøyinnstillingane for det valde verktøyet.