Tekstverktøyet legg til tekst i biletet i eit nytt lag. Teksten kan redigerast direkte på lerretet. Du kan bruka teksthandsamaren som kjem fram på lerretet over tekstboksen for raskt å endra nokre av tekstkarakteristikkane (berre for merkt tekst eller nyleg innskrive tekst).
Når du skriv inn teksten, vert han synleg på lerretet i ein firkanta boks. Dersom du lagar boksen først, vert teksten automatisk tilpassa i boksen. Du kan forstørra boksen på same måten som du gjer med rektangelutvalet.
Høgreklikkar du på teksten, kjem det opp ein sprettoppmeny som du kan bruka for å kopiera, klippa ut, lima inn, opna ei tekstfil, endra tekstretninga og utføra andre tekstrelaterte kommandoar.
Du kan også bruka ein annan teksthandsamar ved å merkja av for Bruk redigeringsvindauget i verktøyinnstillingane. Du kan også bruka Innstillingane for tekstverktøyet for å endra skrifttype, farge og storleik på teksten.
Dette kapitlet omhandlar verktøyinnstillingane. Korleis du brukar tekstverktøyet er omtalt i text management.
Du kan slå på verktøyet på mange måtar:
Frå hovudmenyen:
→ .Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa.
Med tastatursnarvegen T.
Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa så snart som du slår på verktøyet. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opna verktøyinnstillingane for det valde verktøyet.Klikk på knappen
for å opna lista over tilgjengelege skrifttypar («X-fonts») for dette verktøyet.Nedst i vindauget for å velje skrifttype finn du nokre symbol som er knappar for å:
endra storleiken på førehandsvisinga av skrifttypen,
velje mellom utlisting på listeform eller tabellform,
opna dialogvindauget for skrifttypar.
Vel ein skrifttype frå dei tilgjengelege skrifttypane. Den valde skrifttypen vertr automatisk brukt i teksten.
Tips | |
---|---|
Du kan bruka rullehjulet på peikeeininga (til vanleg datamusa) på skriftknappen for raskt å endra skrifttypen i teksten (flytt peikaren på skriftknappen, ikkje klikk, berre bruk hjulknappen). |
Her bestemmer du kor stor skrifttypen skal visast, i den måleeininga du ønskjer.
Bruk GIMP sin eigen tekstbehandlar for å redigere teksten i staden for å redigere på lerretet.
Viser ein teksthandsamar på lerretet over tekstboksen som du kan bruka for raskt å endra nokre av tekstkarakteristikkane (berre for merkt tekst og nyleg innskrive tekst).
Kantutjamning gjer at teksten vert teikna med meir avrunda og mjukare kantar. Dette vil normalt forbetra det visuelle inntrykket av teksten. Unntaket kan vere dersom biletet ikkje er i RGB-format.
Bruker justeringsindeksen for å forbetra skriftbiletet på. Gjer det lettare å lese små bokstavar.
Skriftfargen er normalt sett til svart, men du kan velje andre fargar ved å trykke på denne fargeruta for å få opp fargeveljaren.
Tips | |
---|---|
Du kan også klikke og dra farge frå fargeområdet i verktøykassa over i boksen for tekstfarge. |
Trykk på desse knappane for å bestemma om teksten skal vera venstrejustert, høgrejustert, midtstilt eller blokkjustert (med rette margar).
Bestemmer kor langt frå margen den første linja skal begynne.
Her bestemmer du linjeavstanden. Innstillinga er interaktiv, dvs. resultatet vert synleg i teksten etter kvart som du forandrar innstillinga. Talet her er ikkje sjølve linjeavstanden, men kor mange pikslar du vil auka eller minska linjeavstanden med. Talet kan såleis også vera negativt.
Her bestemmer du avstanden mellom skriftteikna. Også her er talet ikkje sjølve linjeavstanden, men kor mange pikslar du vil auke eller minske avstanden med. Talet kan såleis også vere negativt.
Gjeld tekstfeltet. Den tilhøyrande nedtrekkslista har to alternativ:
Dynamisk: Storleiken på tekstboksen vil forandra seg etter som du skriv inn tekst. Teksten kan gå utanfor biletet. Trykk Enter-tasten for å leggja til nye linjer. Innrykksinnstillinga påverkar alle linjene. Dersom du forandrar storleiken på boksen manuelt, vert innstillinga endra til «Fast».
Fast: Du må setje storleiken på tekstboksen før du skriv. Når teksten når høgresida av boksen, vil han halde fram på ny linje. Du kan forandre storleiken på boksen for å få teksten på ei linje igjen. Vil du ha verkeleg linjeskift, må du bruke Enter-tasten. Teksten kan gå ut over biletkanten. Innrykksinnstillingane verkar berre på første linja i avsnittet.
Språket som er brukt for teksten kan verka inn på korleis teksten vert sett opp. Viss du skriv inn ein bokstav i dette feltet, kjem det opp ei liste over språk som byrjar med den bokstaven. Vel språket du vil bruka.
Høgreklikkar du i dette feltet, kjem det op ein sprettoppmeny der du kan lima inn namnet på språket frå utklippstavla.
Denne teksthandsamaren er tilgjengeleg berre om det er merkt av for Bruk redigeringsvindauget i verktøyinnstillingane.
Så snart du byrjar å skrive, vert det oppretta eit tekstlag i lagdialogen. Dersom du seinare ønskjer å forandra denne teksten, opnar du tekstlaget og får fram teksthandsamaren ved å klikka på laget, eller dobbeltklikka dersom systemet er sett opp slik. Sjølvsagt kan du bruka dei same funksjonane på eit tekstlag som du brukar på andre biletlag.
For å leggja til ein ny tekst i biletet, klikk på eit ikkje-tekstlag. Det kjem då opp vindauget for tekstredigering og det vert laga eit nytt tekstlag. For å skifta frå ein tekst til ein annan, opnar du det ønskte tekstlaget og opnar teksthandsamaren ved å klikka.
Innstillingane for «tekstbehandlaren»
Alle desse innstillinga er også i sprettoppmenyen for tekstverktøyet.
Loddrett tekst (oppe til nede) vert støtta og er særleg nyttig når du nyttar austasiatiske sprøk, men sjølvsagt også om du vil setja inn ein fancy, loddrett tekst.
Du kan lasta inn tekst frå ei tekstfil ved å klikka på mappesymbolet i tekstbehandlaren. All tekst i fila vert lasta inn.
Visk ut all tekst.
Dette er knappen merka «VTH» i menylinja. (Venstre Til Høgre). Gjer at teksten vert skriven frå venstre mot høgre, slik som i dei fleste vestlege språka.
Dette er knappen merka «HTV» i menylinja. (Høgre Til Venstre). Gjer at teksten vert skriven frå høgre mot venstre, slik som i mange orientalske språk. (Skrifta øvst på knappen er arabisk).
Tekst vert skrive ovanfrå og nedover i spalter, frå høgre til venstre og rotert 90° med klokka.
Tekst vert skrive ovanfrå og nedover i spalter, frå høgre til venstre, oppreist.
Tekst vert skrive ovanfrå og nedover i spalter, frå venstre til høgre og rotert 90° med klokka.
Teksten vert skriven ovanfrå og nedover i spalter, frå venstre til høgre, oppreist.
Normalt vert ikkje skrifttypen du har vald i innstillingane brukt. Dersom du ønskjer å bruke den valde skrifttypen, må du merkja av for dette valet.
Notat | |
---|---|
Sjå også Del 2, «Tekst» |