GIMP brukar skriftmotoren FreeType 2 for å teikna skriftene og eit system kalla Fontconfig for å handsama dei. FreeType 2 har støtte for mange vanlege skriftfilformat. I tillegg kan du leggja til modular for å støtta andre typar skriftfiler. Sjå FREETYPE 2 [FREETYPE] for meir informasjon.
Alle skriftene i stien til Fontconfig er tilgjengelege i GIMP. I tillegg er alle skrifttypane som er plasserte i GIMP sine skriftmapper tilgjengelege i GIMP. Skriftmappene vert sette i Skrifter-sida i Mappe-preferansane. Som standard er det to skriftmapper: GIMP-skriftene i systemet (som du ikkje bør endra) og ei skrift
-mappe i den personlege GIMP-katalogen. Du kan også leggja til fleire skriftmapper om ønskjeleg.
Linux:
Du kan installera skrifttyper på mange måtar:
Bruka eit program som GNOME Fonts eller KFontView for å installera skriftene.
Leggja inn skriftfilene i mappa ~/.local/share/fonts/
. Dette gjer skrifttypane tilgjengelege berre for deg.
Viss du har administrasjonsrettar, legg skriftfilene i mappa /usr/local/share/fonts/
. Dette vil gjera skriftfilene tilgjengelege for alle brukarane.
I alle filfella vil dette gjera skriftene tilgjengelege for alle program som brukar Fontconfig.
Microsoft Windows:
Det er fleire måtar å installera ein skrifttype på heile systemet:
Dra skriftfila inn i skriftmappa C:\Windows\Fonts
.
Installer skrifttypen via Windows Kontrollpanel. I Windows 7 og Windows 10, gå til → . I Windows 8.1, gå til → → .
Korleis WIndows handsamar skrifttypar varierer med versjonen. Viss du får problem, spør i eit Windows-forum.
Mac OS X
Installera skrifttypen ,ed programmet Font Book.
Den installerte skrifttypen vil dukka opp neste gong du opnar GIMP. Vis du vil sleppe å starta GIMP på nytt, trykk knappen Oppdater i dialogvindauget Skrifter.
Notat | |
---|---|
Viss du av ein eller annan grunn støyter på problem når du installerer ein skrifttype for heile systemet, prøv å installera skriftene i mappa |
Det kjem stendig til nye skrifttypar. Det er difor fornuftig å stikka innom sida «Fonts in GIMP 2.0» [GIMP-FONTS] på GIMP si nettside.