2.7. Dialogvindauget for angreloggen

Figur 15.20. Dialogvindauget for angreloggen

Dialogvindauget for angreloggen

Dette dialogvindauget viser ei liste over kva du har halde på med i det siste, i det minste på det aktive biletet. Dei forandringane du har gjort vert forsøkt viste med ein miniatyr. Du kan tilbakeføra biletet til eitkvart av punkta på lista berre ved å klikka på den ønskte visinga i dialogvindauget. Vil du vita meir om dette, kan du klikka deg inn på sida om å angra.

2.7.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til det:

  • frå hovudmenyen via VindaugeDialogvindaugeAngrelogg.

  • frå fanemenyen i eit anna dialogvindauge som kan limast inn ved å klikka på fana og velja Legg til faneAngrelogg.

2.7.2. Å bruke angreloggen

Det mest nærliggande er å velja eit punkt i angreloggen ved å klikka på det. Du kan trygt klikka deg framover eller bakover i lista utan å vera redd for å mista informasjon om biletet eller å bruka opp ressursane. Som oftast går forandringane svært raskt.

[Tips] Tips

Tastekombinasjonen Ctrl + F opnar ei søkjefil. Sjå Vis som liste/tabell

Knappane nedst i dialogvindauget:

Angre

Denne knappen gjer det same som når du vel RedigerAngre frå biletmenyen, eller trykker snartastane Ctrl+Z. Han opnar det førre biletet i angreloggen, altså det som ligg eitt hakk opp i dialogvindauget.

Gjenta

Denne knappen gjer det same som når du vel RedigerGjenta frå biletmenyen, eller trykker tastekombinasjonen Ctrl + Y. Han opnar det neste biletet i angreloggen, altså det som ligg eitt hakk ned i dialogvindauget.

Tøm angreloggen

Denne knappen fjernar alt innhaldet i angreloggen, bortsett frå det aktive biletet. Dette er såpass drastisk at du får spørsmål om du verkeleg vil dette. Den einaste grunnen til å bruke denne knappen er dersom du er i ferd med å gå tom for ledig minne.

[Notat] Notat

I ei fane er dette dialogvindauget representert av

[Notat] Notat

Du kan bestemma kor stort angrenivået skal vere i Systemresursar.