Dialogvindauget for navigering er laga for at du enkelt skal kunna navigera deg rundt i eit bilete som er større enn biletvindauget. I slike tilfelle vert den synlege delen av biletet vist som ei kvit ramme i dialogvindauget. Når musepeikaren er inne i denne ramma, får han for av ei gripande hand. Utføre ramma ser han ut som ei hand med ein peikande finger.
For å endre visingsområdet:
Klikk utføre det rektangulære området med peikefingeren på ønskt område.
Klikk og dra det rektagulære området.
Bruk Shift og musehjulet for å flytta vassrett og Alt og musehjulet for å flytta loddrett.
Dette er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dokkpanel. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».
Du har tilgang til det:
frå hovudmenyen via
→ → ,frå fanemenyen i eit anna dialogvindauge som kan limast inn ved å klikka på fana og velja → ,
frå hovudmenyen via
→ .Viss du har slått på rullefelta tilgjengelege, har du raskare tilgjenge, men utan å kunna forstørre ved å klikka på ikonet i nedre, høgre hjørnet av biletvindauget der rullefelta sluttar.
Dette gjev ein meir nøyaktig kontroll med forstørringa enn når du brukar kommandoen Zoom. Denne glidebrytaren kan også flyttast med musehjulet når musepeikaren er på brytaren eller med Ctrl og musehjulet.
Desse knappane forklarer seg sjølv.
Gjer at heile biletet får plass i det brukte biletvindauget.
Biletstorleiken og forstørringsgraden vert justerte slik at heile biletet kan visast i biletvindauget med minst mogleg forstørring.
Sett biletvindauget slik at heile biletet kan visast utan å endra forstørringa. Denne kommandoen er også ei menyoppføring. Sjå meire om det i Del 5.8, «Tilpass vindauget».