Innhald
GIMP er eit program for å laga og redigera bilete av alle slag på alle plattformer. Namnet GIMP står for «GNU Image Manipulation Program». Altså eit biletbehandlingsprogram som følgjer GNU-reglane for fri distribusjon.
GIMP har mange funksjonar. Programmet kan nyttast som eit enkelt teikneprogram, fotoretusjeringsprogram med ekspertkvalitet, eit verktøy for å laga digital kunst, eit batchhandsamingssystem på Internett, ein masseproduksjonsbiletgjengjeving, konvertering av biletformat og mykje meir.
GIMP kan lett utvidast med programtillegg («plug-ins») og andre utvidingar du måtte ha behov for. Du kan også laga eigne skript ved hjelp av det innebygde skriptprogrammet. Desse skripta kan du bruka for å gjere alt, frå heilt enkle til svært kompliserte oppgåver.
GIMP er eit gratis program dekka av General Public License versjon 3 [GPL]. GPL gjev brukarane fridomen til å få tilgang til og endra kjeldekodene i programmet.
Ein av dei verkeleg store fordelane med GIMP, er at det er fritt tilgjengeleg for mange operativsystem og arkitekturar. Dei fleste distribusjonane av GNU / Linux har GIMP med som standard. GIMP er også tilgjengeleg for andre operativsystem som t.d. Microsoft Windows™ og Apple Mac OS X™ (Darwin). Plattformene som GIMP har vore kjent for å fungera på er også:
GNU/Linux™, Apple macOS™, Microsoft Windows™, OpenBSD™, NetBSD™, FreeBSD™, Solaris™, SunOS™, AIX™, HP-UX™, Tru64™, Digital UNIX™, OSF/1™, IRIX™, GNU/Hurd™, OS/2™, BeOS™ og etterfølgjaren Haiku™.
Sidan GIMP har opne kjeldekoder, er det enkelt å tilpassa programmet til andre operativsystem. Du kan finna meir om dette på GIMP-utviklarane si heimeside (på engelsk): [GIMP-DEV].
Den første versjonen av GIMP vart skriven av Peter Mattis og Spencer Kimball i 1995. Gjennom åra har mange andre støtta prosjektet ved å hjelpa til med utviklinga, testa programmet, gjeve støtte, setja om og skriva dokumentasjonen. Du finn ein kort versjon av GIMP si historie på Internett.
GIMP sitt dokumentasjonsteam tilbyr informasjonen som prøver å hjelpa deg å forstå korleis du brukar GIMP. Brukarhandboka er ein viktig del av denne hjelpa. Den siste versjonen er alltid tilgjengeleg på nettsida til dokumentasjonsteamet [GIMP-DOCS] i HTML-format. Når du brukar GIMP er innhaldsavhengig hjelp tilgjengeleg ved å trykkja på F1-tasten medan musepeikaren er over eit menyelement eller ein anna del av GIMP sitt grensesnitt. Dei fleste dialogvindauga har også knapp du kan bruka for å få tilgang til den relevante delen av handboka.
Handboka i HTML-format kan også installerast på datamaskinen din. Installasjonsprogram er tilgjengelege for Windows og på Linux kan pakkehandsamaren din ha ei gimp-hjelpepakke tilgjengeleg. Viss internettfarten og bandbreidda du har tellet det, vert det tilrådd å bruka den elektroniske handboka sidan ho til vanleg er meir oppdatert. Når du installerer handboka på datamaskinen, må du justera hjelpeinnstillingane for å bruka den lokale kopien.
Her er ei kort liste over nokre av dei viktigaste eigenskapane til GIMP og kva programmet kan brukast til:
Ei stor samling av teiknereiskap, inkludert pensel, blyant, luftpensel, kloning osv.
Flisbasert minnehandsaming som gjer at storleiken på biletet berre er avgrensa av tilgjengeleg diskplass.
Interpolerte overgangar for alle teikneverktøya gjev høgkvalitets kantutjamning.
Full støtte for alfa-kanal for å arbeida med gjennomsikt.
Lag og kanalar.
Ein database over interne GIMP-funksjonar slik at du kan kalla desse opp frå eksterne program som t.d. Script-Fu.
Avanserte skriptfunksjonar.
Angra-/gjenta-funksjonane er berre avgrensa av diskplassen.
Transformeringsverktøy, inklusive rotering, skalering, klipping og spegelvending.
Har støtte for mange filformat, som t.d. GIF, JPEG, PNG, XPM, TIFF, TGA, MPEG, PS, PDF, PCX, BMP og mange andre.
Utvalsverktøy, inkludert rektangelutval, ellipseutval, frihandsutval, tryllestav, bezierkurver og intelligent saks.
Bruken av programtillegg gjer det lett å leggje til m.a. nye filformat og nye effektfilter.