8.34. Ordne fargekartet på nytt

Figur 16.194. Vindauget for «Ordne fargekartet på nytt»

Vindauget for «Ordne fargekartet på nytt»

Denne kommandoen vert brukt for å ordna rekkjefølgja for fargane i fargekartet for indekserte bilete. Sjølve biletet vert ikkje forandra. Det er heller ikkje råd å leggja til eller fjerna fargar. Sjå Indeksert palett.

[Notat] Notat

Viss biletet ikkje er indeksert er denne kommandoen fråkopla.

8.34.1. Aktivering av dialogvindauget

Du har tilgang til denne kommandoen på to måtar:

  • frå hovudmenyen: FargarKartOmorganiser fargekartet.

  • frå dialogvindauget for fargekart ved å bruka sprettoppmenyen Omorganiser fargekartet.

8.34.2. Å bruke dialogvindauget «Ordna fargekartet på nytt»

Du kan dra og sleppa fargar med musepeikaren for å setja opp fargekartet på nytt. Du kan sortera fargane etter kulør, metning og verdi ved å bruka sprettoppmenyen (høgreklikka på kartet).

Figur 16.195. Sprettoppmenyen for «Ordna fargekartet på nytt»

Sprettoppmenyen for «Ordna fargekartet på nytt»

[Tips] Tips

Ein annan måte å sortera eit fargekart på, er å bruka sprettoppmenyen i Sorter palett… tilgjengeleg i dialogvindauget Palettar.