6.24. Hard autobeskjering

Kommandoen Hard autobeskjering beskjerer eit bilete ut frå ein enkelt farge. Kantane vert beskorne på same måten som med Automatisk beskjering, men i tillegg vert også tilsvarande fargar inne i biletet fjerna. Dette er i det minste slik det er tenkt å vera.

[Obs] Obs

Legg spesielt merkje til at denne kommandoen berre brukar det gjeldande laget for å finna ramma. Dersom andre lag har fargevariasjonar i rammeområdet, vert desse likevel klipte bort.

6.24.1. Eksempel

Figur 16.68. Eksempel på «Hard autobeskjering»

Eksempel på «Hard autobeskjering»

Originalbiletet

Eksempel på «Hard autobeskjering»

Med «Autobeskjer»

Eksempel på «Hard autobeskjering»

Med «Hard autobeskjering»


6.24.2. Slå på kommandoen

  • Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via BileteHard autobeskjering.