Dette kapitlet handlar om dei ulike måtane du kan bruke for å legge bilete inn i GIMP. Korleis du kan lage nye bilete, korleis du kan laste inn bilete frå biletfiler og korleis skanne og lage skjermdump.
I første omgang vil vi likevel sjå litt på den generelle biletoppbygginga i GIMP.
Det er freistande å førestilla seg at eit bilete er det du ser i eit enkelt skjermvindauge, eventuelt kopla for eksempel til ei JPEG-fil. I røynda vil eit GIMP-bilete oftast vera mykje meir komplisert og kan innehalda både ein lagstabel, ei utvalsmaske, eit kanalsett, eit banesett, ein angrelogg osv. I dette kapitlet skal vi sjå nærare på alle komponentane som eit bilete kan vera bygd opp av i GIMP og kva du kan gjera med dei.
Den mest grunnleggjande eigenskapen i eit bilete er modus. Det er tre moglege modus: RGB, gråtoner og indeksert. RGB står for Raud-Grøn-Blå (OK, eigentleg engelsk: Red-Green-Blue, men for ei gongs skuld passar forkortinga også med norsk). I RGB-modus er kvart biletpunkt sett saman av eit «raudnivå», eit «grønnivå» og eit «blånivå» som til saman gjev eit bilete i full farge. Kvar av fargekanalane har 256 ulike intensitetsgrader. Du kan finna meir om dette under Fargemodus i ordlista.
I eit gråtonebilete er kvart biletpunkt representert med eit tal som viser lysverdien dette punktet har. Lysverdien går frå 0 (svart) til 255 (kvit). Verdiane mellom desse ytterpunkta gjev ulike gråtoner.
Figur 5.1. Komponentar i RGB- og CMY-fargemodus
I RGB-modus gjev dei tre grunnfargane raud, grøn og blå til saman kvit farge. Det er slik kvit vert laga på biletskjermen.
I CMY(K)-modus gjev grunnfargane cyanblå, magentaraud og gul til saman svart. Det er slik fargetrykka vert laga på kvitt papir. Som oftast vert trykka justerte med rein svart i tillegg til dei tre fargane.
Den viktigaste skilnaden mellom eit gråskalabilete og eit RGB-bilete er talet på «fargekanalar». Gråskalabiletet har éin slik kanal, medan RGB-biletet har tre. Eit RGB-bilete kan sjåast på som eit bilete sett saman av tre gråskalabilete der den eine gråskalakanalen er farga raud, den andre grøn og den tredje blå.
Både fargebilete og gråtonebilete har som oftast ein kanal til, den såkalla alfakanalen. Denne kanalen styrer kor gjennomsiktige fargepunkta skal vere. Når alfakanalen er sett til null, er laget heilt transparent, dvs. fullstendig gjennomsiktig. Fargen du ser vert bestemt av fargen på laget under. Er alfa sett til maksimum (255), betyr det at laget er lystett, dvs. opakt, altså fullstendig ugjennomsiktig. Fargen vert bestemt av det aktuelle laget. Alfaverdiar mellom desse ytterpunkta gjev ulike grader av gjennomsikt. Den synlege fargen vert ei blanding av fargen på aktuelt lag og fargen på laget eller laga under. Kanskje litt vanskeleg å førestilla seg gjennomsiktige fargar på denne måten, men det er det same du opererer med når du laserer eller driv med ulike former for beis.
Figur 5.2. Eksempel på bilete i RGB-modus og som gråskala
Eit fargebilete i RGB med tilhøyrande kanalar for raud, grøn og blå.
Eit gråskalabilete med tilhøyrande kanal for lysverdiar.
I GIMP har alle fargekanalane, inkludert alfakanalen, eit område av moglege verdiar avhengig av biletpresisjonen: 0 til 255 for ei fargedjupn på 8 bits. GIMP kan lasta inn 16 og 32 bits bilete, noko som gjer dette området mykje større.
Figur 5.3. Eksempel på eit bilete med alfakanal
Raudkanal
Grønkanal
Blåkanal
Alfakanalen viser gjennomsiktige biletområde.
Eit fargebilete i RGB-modus med alfakanal.
The third type, indexed images, is a bit more complicated to understand. In an indexed image, only a limited set of discrete colors are used, usually 256 or less (so, this indexed mode can be applied only to images with 8 bits precision). These colors form the «colormap» of the image, and each point in the image is assigned a color from the colormap. Indexed images have the advantage that they can be represented inside a computer in a way which consumes relatively little memory. As time goes on, they are used less and less, but they are still important enough to be worth supporting in GIMP. (Also, there are a few important kinds of image manipulation that are easier to implement with indexed images than with continuous-color RGB images.)
Nokre mykje brukte filtypar (inkludert GIF og PNG) vert opna som indekserte bilete i GIMP. Sidan mange av verktøya i GIMP ikkje kan brukast, eller har avgrensa bruk på indekserte bilete på grunn av den avgrensa mengda av fargar, vil det i mange tilfelle vera ein god ide å endra biletet til RGB-modus før du byrjar å arbeida med det. Er det nødvendig, kan du heller omforma det til indeksert modus igjen før du lagrar det.
I GIMP er det lett å omforma eit bilete frå ein fargemodus til ein annan med kommandoen Modus i biletmenyen. Hugs at du kan risikera å mista informasjon for alltid ved slike omformingar. Dette gjeld t.d. om du konverterer frå RGB til gråskala eller indeksert. Det hjelper i dette tilfellet ikkje så mykje å endra tilbake til RGB igjen. Fargeinformasjonen er og vert borte.
![]() |
Notat |
---|---|
Er filteret du ønskjer å bruka markert som utilgjengeleg på menyen, kjem dette oftast av at biletet, eller meir nøyaktig: laget du arbeidar på, er av feil type. Mange filter verkar ikkje på indekserte bilete. Andre kan berre nyttast på RGB-bilete eller berre på gråyonebilete. Nokre krev også at alfakanalen er i bruk, eller at han ikkje er i bruk. Skulle du oppleva noko av dette, skift til ein annan modus. Som oftast vil dette seie RGB-modus. |