5.2. Å laga animerte penslar

Når den nye animerte penselen er ferdig, vert han vist i biletvindauget. Du kan då lagra han i gih-format ved å velja FilLagra som …. Gje penselen eit namn med filutvidinga gih og trykk knappen Lagra. Du vil då få opp dette vindauget:

Figur 7.18. Dialogvindauget for å eksportera eit bilete som penselanimasjon

Dialogvindauget for å eksportera eit bilete som penselanimasjon

Dialogvindauget for å lagra eit bilete som GIMP penselanimasjon


Ved hjelp av denne kanskje noko uforståelege dialogen, kan du bestemma ein del av animasjonseigenskapane til penselen.

Avstand (Prosent)

«Avstand» er avstanden mellom penselavtrykka når du stryk penselen bortover underlaget. Du må tenkja at å teikna med ein pensel er å avsetja stempelavtrykk bortover teikneflata. Dersom avstanden mellom avtrykka er liten, kjem dei nærme kvarandre. Stroket ser ut som om det er samanhengande. Er avstanden stor nok, vert kvart avtrykk ståande for seg sjølv. Dette kan vere av interesse når du nyttar fargepenslar, som t.d. «pepper». Verdiane i dette valet kan variera frå 1 til 200. Verdien er eigentleg prosent av penseldiameteren der diameteren er sett til 100 (%).

Penselnamn

Dette er det penselnamnet som kjem opp i penselmenyen.

Cellestorleik

Dette er storleiken på cellene du vil dele opp i lag. Normalinnstillinga er ei celle for kvart lag med same storleik som laget. Det er altså berre eitt penselmønster i kvart lag.

Det er også mogleg å ha eitt stort lag og dele dette opp i dei cellene som vert brukte for dei ulike figurane i mønsterpenselen.

For eksempel, dersom me ønskjer ein pensel på 100 × 100 pikslar med 8 ulike enkeltbilete, kan me ta desse 8 enkeltbileta frå eit lag på 400 x 200 pikslar eller frå eit lag på 300 × 300 pikslar, men då med ei ubrukt celle.

Talet på celler

Dette er kor mange celler, ei for kvart enkeltbilete, som vert tatt ut frå kvart lag. Førehandsinnstillinga er det same som talet på lag, sidan det er eitt bilete per lag.

Vis som

Dette viser korleis cellene er arrangert i laga. Dersom du har fire lag med to celler i kvart av laga, vert dette vist som 1 rad(er) med 2 kolonne(ar) i kvart lag.

Dimensjon, Rangering, Utvalsnedtrekk

Dette er ikkje heilt enkelt, så det kan kanskje vere nødvendig med ei forklaring på korleis ein skal arrangera celler og lag.

GIMP byrjar med å henta celler frå kvart lag og lagrar dei i ein FIFO-stabel. (FIFO er eit vanleg IKT-uttrykk, og kjem av «First In First Out», altså at det som først vart lagt inn i stabelen kjem først ut igjen). I eksemplet vårt med 4 lag med 2 celler i kvart lag, vert stabelen, frå topp til botn, første celle i det første laget, andre celle i det første laget, første celle i det andre laget, andre celle i det andre laget, …, første celle i det fjerde laget, andre celle i det fjerde laget. Du kan sjå denne stabelen i lagdialogvindauget for .gih-fila.

Når dette er gjort, lager GIMP ein tabell med Dimensjonen du har sett for biletet. Ein slik tabell kan ha opp til fire dimensjonar.

I dataverda vert ein tredimensjonal tabell (3D-tabell) definert som «tabellen(x,y,z)». Ein todimensjonal tabell som «tabellen(x,y)». Det er nokså enkelt å førestilla seg at ein 2D-tabell er sett saman av kolonnar og rader.

Det vert litt verre med den tredimensjonale tabellen. Her snakkar me ikkje om rader og kolonnar, men om dimensjonar og nivå. Den første dimensjonen er langs x-aksen, den andre er langs y-aksen og den tredje langs z-aksen. Kvar dimensjon har nivå med celler.

For å fylla ut denne matrisa, byrjar GIMP med å henta celler frå toppen av stabelen. Først alle på høgresida av gruppa, deretter dei på venstre sida. Dersom du har vore borte i BASIC-programmering, hugsar du kanskje at tabell(4,2,2) vert fylt opp slik: (1,1,1), (1,1,2), (1,2,1), (1,2,2), (2,1,1), (2,1,2), (2,2,2), (3,1,1), ... (4,2,2). Du vil sjå eksempel på dette seinare.

Utanom rangeringsnummeret du kan gje kvar dimensjon i tabellen kan du også gje dei eit utvalsmodus. I GIMP kan du velja mellom fleire slike:

Aukande

GIMP vel eit område frå den aktuelle dimensjonen i høve til plasseringa i dimensjonen.

Vinkla

GIMP vel eit område frå den aktuelle dimensjonen i høve til kva retning penselen flyttar seg.

Det første området er for ein vinkel på 0º, dvs. rett oppover. Dei andre områda vert sett til ein vinkel som er 360° : (talet på område). Så med fire område i den aktuelle dimensjonen, vil altså vinkelen flytta seg 90º med klokka for kvar retningsendring. Område 2 vil gjelda for 90º (mot høgre), det tredje område til 180º (rett nedover) og det fjerde område til 270° (-90°) (mot venstre).

Tilfeldig

GIMP vel frå eit tilfeldig område i dimensjonen.

Fart, Trykk, X-tilt, Y-tilt

Desse innstillingane er for sofistikerte teiknebrett.

Eksempel

Ein eindimensjonal mønsterpensel

Kva kan alt dette brukast til? Me vil visa dette gjennom ei eksempelrekkje. I kvar dimensjon kan du gje penslane dine bestemte eigenskapar som fører til bestemte resultat.

Lat oss byrje med ein 1D-pensel som gjev oss høve til å sjå nærare på kva utvalsmodus kan brukast til. Tenk deg noko som dette:

Me tek det steg for steg:

  1. Vel FilNy… i hovudmenyen.

    Set Breidd og Høgd til for eksempel 30 pikslar.

    Set Fargerommet til RGB-farge og set Fyll med til Gjennomsikt i Avanserte innstillingar.

    Bruk tekstverktøyet og opprett fire lag, «1», «2», «3» og «4». Fjern «bakgrunnslaget».

  2. Vel FilLagra … i hovudmenyen for å lagra biletet som ei .xcf-fil for å behalda alle eigenskapane.

    Vel FilEksporter som … på hovudmenyen for å eksportera biletet som ein animert pensel med utvidinga .gih.

    Eksporter biletet med filutvidinga .gbr i mappa brushes i den private penselmappa for GIMP. Kva denne er plassert er avhengig av kva OS du brukar:

    • Linux: /home/user_name/.config/GIMP/3.0/

    • macOS: /Users/user_name/Library/Application Support/GIMP/3.0/

    • Windows: C:\`\Brukarar\brukarnamn\AppData\Roaming\GIMP\3.0\

  3. I dialogvindauget Eksport biletet som penselanimasjon finn du ei beskriving, set Avstand (prosent) til 100, set Cellestorleik til 30×30, set Dimensjon til 1 og set Rangering til 4 og nedtrekkslista utval til aukande. Trykk så på knappen Eksport.

  4. Trykk på knappen oppdater penslane i dialogvindauget penslar .

    Penselen din dukkar straks opp saman med dei andre penslane. Du treng ikkje starta GIMP på nytt for å bruka han.

    Vel penselen din og vel for eksempel penselverktøyet og klikk og hald nede med det i det nye biletet:

    Du kan sjå tala 1, 2, 3 og 4 i normal rekkefølgje.

  5. Gå tilbake til .xcf-biletet og lagra det på nytt som .gih-fil. Denne gongen set du nedtrekket i utvalet til tilfeldig:

    Tala vert viste i tilfeldig rekkefølgje.

  6. Set no nedtrekkslista Vel til vinkel:

Ein tredimensjonal mønsterpensel

I denne tredimensjonale mønsterpenselen vil avtrykket variera etter kva retning penselstroket går. Avtrykket vil alternere regelmessig mellom høgre og venstre, medan fargen vil skifte tilfeldig mellom svart og blå.

Det første spørsmålet vert kor mange bilete er nødvendige for denne jobben. Me reserverer den første dimensjonen (x) til penselretninga (4 retningar). Den andre dimensjonen (y) er avsett for vekslinga mellom høgre og venstre, og den tredje dimensjonen (z) gjeld fargevariasjonane. Ein slik pensel er representert i 3D-tabellen «min_tabell(4,2,2)»:

Det er 4 rangeringar (nivå) i første dimensjon (x), 2 i andre dimensjon (y) og 2 i tredje dimensjon (z). Dette vert til saman (4 × 2 × 2 = 16) celler. Me treng altså 16 bilete.

  1. Å laga bilete for dimensjon 1 (x)

    Opna eit nytt RGB-bilete på 30 × 30 pikslar med gjennomsiktig fylltype. Teikna ei venstrehand med fingrane oppover. (Enklast dersom du forstørrar biletet).[2] Lagra dette som handV0s.xcf (hand, Venstre O°, Svart).

    Opna Lagdialogvindauget. Dobbeltklikk på laget for å opna dialogvindauget for lagatributta og endra namnet til «handV0s».

    Dupliser laget. Lat berre det nye laget vera synleg, marker det, og bruk LagTransformerRoter 90° med klokka. Endra namnet på laget til «handV-90s».

    Repeter dei same operasjonane og lag «handV180s» og «handV-90s» (eller «handV270s»).

  2. Å laga bilete for dimensjon 2 (y)

    Laga bilete til dimensjon 2 (y):: Denne dimensjonen har i dette eksemplet to rangeringar (område), eit for venstre og eit for høgre. Det venstre området har me alt. Det høgre området lagar me ved å snu biletet vassrett.

    Dupliser handV0s-laget. Lat berre kopien vera synleg og marker han. Endra namnet til «handH0s». Bruk LagTransformSpegelvend vassrett.

    Repeter dette på det andre venstrelaget for å laga høgreekvivalenten.

    Stokk om rekkefølgja på laga slik at du får ein rotasjon mot klokka frå topp til botn, alternerande mellom høgre og venstre: handV0s, handH0s, handV-90s, handH-90s, …, handH90s.

  3. Å laga bilete for dimensjon 3 (z)

    Laga bilete til dimensjon 3 (z): Også den tredje dimensjonen har to område, eit for svart og eit for blå farge. Det første området, svart, har me alt. Bileta i dimensjon 3 er kopi av bileta i dimensjon 2, men i blåfarge. Dermed har me dei 16 bileta me treng. Problemet er at det er vanskeleg å handsama ei rad med 16 lag. Me brukar difor lag med to bilete i kvart lag.

    Marker handV0s-laget og lat berre dette laget vera synleg. Bruk BileteStorleik på lerretet… for å endra lerretstorleiken til 60 × 30 pikslar.

    Kopier handV0s-laget. Bruk Fyll-verktøyet og fyll handa på kopien med blåfarge.

    Vel Flytte-verktøyet. Dobbeltklikk på det og slå på «Flytt dette laget». Flytt den blå handa over til høgresida. Det vil forenkle arbeidet dersom du forstørrar biletet på førehand.

    Forsikra deg om at berre handV0s og kopien av denne er synlege. Høgreklikk på lagdialogvindauget og klikk på Flett saman synlege lag og deretter på Utvid om nødvendig. Du skal no få eit 60 × 30 piksel biletlag med den svarte handa til venstre og den blå handa til høgre. Endra namnet på det nye laget til «handV0».

    Gjer det same med dei andre laga.

  4. Sorter laga

    Laga må vere sorterte i rett rekkefølgje slik at GIMP kan finna det rette laget når penselen vert brukt. Rett nok er laga i eksempelet alt i rekkjefølgje, men det er nokså viktig å forstå systemet i dette. Det er to måtar å oppfatte denne sorteringa. Den første er matematisk: GIMP dividerer dei 16 laga først med 4. Dette gjev 4 grupper med 4 lag for den første dimensjonen. Kvar gruppe representerer retningen for penselen. Deretter vert kvar gruppe dividert med 2. Dette gjev 8 grupper med 2 lag for den andre dimensjonen. Kvar av desse gruppene representerer høgre/venstre-vekslinga. Så endeleg vert alt dividert med 2 ein gong til. Dette styrer den tilfeldige vekslinga mellom svart og blått.

    Den andre metoden er visuell og bruker tabellrepresentasjon. Korrelasjonen mellom dei to metodane vert vist på neste bilete:

    Korleis GIMP les tabellen: GIMP byrjar med den første dimensjonen som er programmert for «vinklar», for eksempel 90°. I dette 90°-området, her vist i gult, vert høgre/venstre-vekslinga i den andre dimensjonen vald på ein «aukande» måte. Endeleg, i den tredje dimensjonen, vert det vald ut ein tilfeldig farge. Biletlaga må difor vere i denne rekkefølgja:

  5. Voilà. Penselen er klar til bruk. Lagra penselen (om du ikkje har gjort det for lenge sidan) som .xcf-fil og eksporter deretter som .gih-fil med desse parametrane:

    • Avstand: 100

    • Beskriving: Hender

    • Cellestorleik: 30 × 30

    • Talet på celler: 16

    • Dimensjon: 3

      • Dimensjon 1: Rangering: 4 Val: Angular

      • Dimensjon 2: Rangering: 2 Val:: Incremental

      • Dimensjon 3: Rangering: 2 Val:: Random

    Legg .gih-fila til i GIMP si penselmappe, oppdater penslane (eller start GIMP på nytt) og penselen er klar for bruk.

    Figur 7.19. Her er penselen brukt for å streka opp eit elliptisk utval:

    Her er penselen brukt for å streka opp eit elliptisk utval:

    Denne penselen vekslar regelmessig mellom høgre og venstre hand. Fargane vekslar tilfeldig i høve til dei fire penselretningane.




[2] Ok, me bløffar litt her. Hendene er lånt frå http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Stop_hand.png.