3.2. Dialogvindauget for penslar

Figur 15.24. Dialogvindauget for penslar

Dialogvindauget for penslar

Dialogvindauget «Penslar» vert brukt for å velja og handsama penslar. Desse penslane vert brukte av målarpenselen, blyanten og luftpenselen. MyPaint-penslane brukar sine eigne penslar. GIMP vert levert med svært mange penslar og det er lett å leggja til fleire. Du kan også laga tilpassa penslar ved å bruka Penselhandsamaren eller ved å eksportera eit bilete som ein pensel.

Sjå bolken Brushes for grunnleggjande informasjon om penslar og korleis dei vert brukte i GIMP.

Du kan berre bruka éin pensel om gongen. For å ta i bruk ein pensel, vel du han i lista eller i rutenettet. Namnet på den valde penselen vert vist like over lista over penslar. Kva pensel som er i bruk vert vist med eit rektangel rundt førehandsvisinga (som av og til kan vera vanskeleg å sjå, avhengig av kva tema du har vald). Du kan setja storleik, vinkel, avstand og ein del andre karakteristikkar i dialogvindauget Verktøyinnstillingar når eit av dei relevante teikneverktøya er i bruk.

3.2.1. Opna dette dialogvindauget

Dette er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dokkpanel. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».

  • Vel VindaugeDokkpanelPenslar i hovudmenyen.

  • Trykk på fanemenyknappen og vel Legg til fanePenslar i eit dokkpanel.

  • Viss du har slått på «Vis gjeldande pensel, mønsterelement og fargeovergang» i Verktøyinnstillingane, kan du trykkja på det aktuelle penselikonet i området for penslar, mønsterelement og fargeovergangar.

  • Frå dialogvindauget for innstillingane for målarpenselen, blyanten og luftpenselen ved å klikka på knappen med penselikonet. Det kjem då opp eit sprettoppvindauge med liknande funksjonar der du kan velja ein pensel i lista. For å opna dialogvindauget for den gjeldande penselen, trykk på knappen nede til høgre i vindauget.

    Det forenkla penseldialogvindauget

    Det er tre knappar nedst har desse funksjonane:

    • Mindre førehandsvisingar

    • Større førehandsvisingar

    • Vis som liste

    • Vis som tabell

    • Opna dialogvindauget for val av pensel

    Merk at avhengig av innstillingane du har sett i brukarinnstillingane, vil ein pensel vald frå oppsprettvindauget gjelda berre for det verktøyet som er i bruk. Sjå bolken Teikneinnstillingar felles for fleire verktøy i brukarinnstillingane.

3.2.2. Å bruka dialogvindauget for penslar

3.2.2.1. Tabell/Liste

I fanemenyen har du valet mellom Vis som tabell og Vis som liste. I tabellmodus vert penslane viste i ein rektangulære tabell. Sidan du kan sjå forma på fleire penslar samstundes, er det lett å velje den du har bruk for. I listemodus vert penslane sett opp i ei liste som viser penselomrisset og namnet på penselen.

Valet Storleik på førehandsvisinga i fanemenyen gjev deg høve til å bestemma storleiken på førehandsvisinga av penselen.

Figur 15.25. Penseldialogvindauget

Penseldialogvindauget

Vis som rutenett

Penseldialogvindauget

Vis som liste


Tabellform

Øvst i dialogvindauget finn du namnet på den gjeldande penselen og storleiken målt i pikslar.

I midten finn du eit oversyn over alle tilgjengelege penslar. Den gjeldande penselen er ramma inne.

Listeform

Stort sett verkar dialogvindauget på same måte i listeform som i tabellform, med eitt unntak:

Dersom du dobbelklikkar på eit penselnamn, vil du opna for penselhandsamaren slik at du kan redigera penselen. Redigeringa er likevel avgrensa til å gjelda penslar du har laga eller lagt inn sjølv. Dei som følgjer med GIMP kan du ikkje gjera noko med. Rett nok kan du tilsynelatande endra namnet, men så fort du trykkjer Enter går forandringane tilbake til slik dei var. Dette er ein generell regel i GIMP. Du kan ikkje gjera forandringar i noko som kjem ferdiginstallert, berre i ting du har lagt inn sjølv.

3.2.2.2. Førehandsvising av pensel

Figur 15.26. Penseldialogvindauget

Penseldialogvindauget

Når du klikkar på førehandsvisinga av ein pensel, vert denne den gjeldande penselen som vert brukt med det relevante teikneverktøyet. Når du dobbeltklikkar på førehandsvisinga av ein pensel, vert penselredigeringa opna.

Du kan handsama penslane på mange måtar ved å bruka knappane nedst i dialogvindauget eller frå sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar.

Kva dei små symbola i nedre, høgre hjørne av førehandsvisinga av penslane betyr

  • Eit plussteikn indikerer at førehandsvisinga av penselen er vist forminska. Du kan få fram visinga i full storleik ved å venstreklikka og halda nede museknappen over førehandsvisinga.

  • Eit blått hjørne indikerer at dett er ein parametrisk pensel laga med penselhansamaren.

  • Eit raudt hjørne indikerer at det er ein animert pensel. Du kan sjå korleis han verkar ved å halde nede venstre museknapp i førehandsvisinga av han.

3.2.2.3. Bruk temafargane for førehandsvisinga

På høgre side av filterseksjonen finn du knappen Bruk temafargane for førehandsvising

Som standard vert penslar og skrifttypar viste med kvit bakgrunn i førehandsvisingane. Viss du ønskjer at bakgrunnen skal vera meir på linje med temaet du brukar, kan du ordna det ved å trykkja på denne knappen. GIMP vil då bruka bakgrunnsfargen frå temaet.

3.2.2.4. Filter, taggar

Nedtrekkslista for «Filter» vert brukt for å visa éin eller fleire taggar og kan nyttast for å redusera talet på penslar som vert vist. Du finn «fanene» nedføre området med førehandsvisinga. Du finn meir om tagginga i Del 3.7, «Tagging».

3.2.2.5. Mellomrom

Glidebrytaren «Mellomrom» bestemmer avstanden mellom penselavtrykka når du stryk penselen bortover teikneflata. Avstanden er i prosent av penselbreidda.

3.2.2.6. Knappane nedst

Det er tre knappar nedst har desse funksjonane:

Rediger pensel

Trykk på denne for å opna penselhandsamaren. Knappen vil opna handsamaren for alle penslar, men du kan berre redigera parametriske penslar, dvs. slike du har lagt inn sjølv. Desse er merkte med blått i det nedre, høgre hjørnet i førehandsvisinga. Andre typar penslar vert viste i handsamaren, men du kan ikkje gjera noko med dei.

Ny pensel

Denne lagar ein ny parametrisk pensel med startverdiane for ein liten, rund pensel med diffust avtrykk. Deretter vert penselhandsamaren opna slik at du kan gjera dei forandringane som skal til for å få han slik du ønskjer. Den nye penselen vert lagra automatisk i den personleg brushes-mappa di.

Dupliser penselen

Denne knappen er berre tilgjengeleg dersom den brukte penselen er parametrisk. Knappen lagar i tilfelle ein kopi av den gjeldande penselen og opnar penselhandsamaren slik at du kan forandra kopien. Resultatet vert lagra automatisk i den personleg brushes-mappa di.

Slett penselen

Dette valet er berre tilgjengeleg for parametriske penslar. Eit trykk på denne knappen vil fjerne alle spor etter penselen, både frå dialogvindauget og frå lagringsmappa dersom du har lov til å gjere det. Du vert beden om å stadfesta slettinga. Du kan ikkje fjerna penslane som vert leverte saman med GIMP.

Oppdater penslane

Dersom du har lagt inn penslar i mappa brushes eller i andre mapper i søkestien for penslar, på andre måtar enn med penselhandsamaren, vil eit trykk på denne knappen oppdatera lista og gjera penslane synlege i dialogvindauget.

Opne pensel som bilete

Trykk på denne for å opna den valde penselen som eit vanleg bilete som du kan redigera. Du kan gjera det om igjen til pensel ved å kopiera det og velja RedugerLim inn somLim inn som ny pensel … eller ved å eksportera det som ein pensel. Dette skil seg frå Del 3.2.3, «Penselhandsamaren» som tillét å endra ein parametrisk pensel som finst frå før.

Du kan også kalla opp funksjonane til desse knappane frå oppsprettmenyen som dukkar opp når du høgreklikkar ein eller annan stad i pensellista, eller ved å velja dei frå fanemenyen Penselmeny frå fanemenyen.

3.2.2.7. Sprettoppmenyen for penslar

Høgreklikk på førehandsvisinga av ein pensel vil opna ein sprettoppmeny. Dei fleste kommandoane her er forklarte for knappane, med unnatak av dei nemnde nedanfor.

Kopier adressa for penselen

Kopier penseladressa vert brukt for å kopiera adressa for penselen til utklippstavla. Ved hjelp av kommandoen FilOpna adresse kan du deretter opna penselen som eit nytt bilete.

Vis i filhandsamaren

Vis i filhandsamaren opnar plasseringa av penselen i filhandsamaren.

Elliptisk, Mjuke kantar …, Elliptisk …, Elliptisk, mjuke kantar …, Rektangulær …

Val for å laga nye elliptiske eller rektangulære penslar. Penslane kan ha mjuke kantar, men er ikkje parametriske.

3.2.3. Penselhandsamaren

Figur 15.27. Dialogvindauget for penselredigering

Dialogvindauget for penselredigering

Penselhandsamaren slått på for ein ny pensel.


Du kan bruka penselhandsamaren for å studera parameterane for ein pensel som vart levert med GIMP, men du kan ikkje gjera endringar. Du kan derimot laga ein ny pensel ved å klikka på knappen Ny pensel og laga ein heilt ny pensel ut frå ein geometrisk figur. Penselhandsamaren har fleire innstillingar:

Dialogvindaugelinja: Som i alle dialogvindauga vil knappen for fanemenyen opna ein meny der du har tilgang til å setja fleire relaterte innstillingar.

Tittellinja: Her skriv du inn namnet på den nye penselen.

Område for førehandsvising: Alt du gjer av forandringar på penselen vert viste her så snart dei er utført.

Innstillingar:

Form

Sirkel, kvadrat og rombe er tilgjengeleg. Du kan endra dei ved å bruka desse innstillingane:

Radius

Avstanden frå sentrum og ut til kanten målt i breidderetninga. Nemninga «radius» vert brukt også for kvadrat og rombe. Eit kvadrat eller ei rombe med ein radius på 10 pikslar vil få ei 20 piksel lang side.

Spissar

Dette valet bestemmer i store trekk kor mange hjørne kvadratet eller romba skal ha og skulle difor ikkje ha nokon innverknad på sirkelen. Det har han likevel. Berre prøv. Dersom du aukar spissane, vert eit kvadrat til eit polygon, medan ei rombe vil få meir og meir form av ei stjerne. Det same gjeld faktisk meir eller mindre også for sirkelen.

Hardleik

Her bestemmer du kor hardt penselen skal teikna. Verdien 0,00 gjev ein svært diffus pensel, medan 1,00 gjev ein markert overgang.

Breidde- og høgdeforhol

Denne parameteren bestemmer forholdet mellom breidde og høgde i penselen. Ei rombe med radius på 5 pikslar og forholdet = 2, vil enda opp med ei breidd på 10 og ei høgd på 5 pikslar. Skalaen går frå 1,0 til 20,0.

Vinkel

Denne vinkelen er vinkelen mellom penselbreidderetningen, som til vanleg er vassrett med retning med klokka. Når denne verdien aukar, vert penselbreidda vridd med klokka (0° til 180°).

Mellomrom

Når du teiknar ei linje med penselen, vert det eigentleg sett av avtrykk av penselen med passelege mellomrom. Dersom det er kort avstand mellom mellomromma, dvs. verdien sett til 1, vil avtrykket gje inntrykk av å vera ei heil linje. Er avstanden stor, vil du kunna sjå mellomromma. Linja vert stipla. Denne kontrollen har eit område frå 1,00 til 200,0.

3.2.3.1. Sprettoppmenyen for penselredigeringa

Redigeringsvindauget for penslar har ein sprettoppmeny som kan opnast frå fanemenyknappen og så velja Meny for penselredigering. Han har berre éi innstilling.

Rediger gjeldande pensel

Når slått på, vil redigeringsvindauget for penslar automatisk lasta inn den gjeldande penselen. Når slått av, vil redigeringsvindauget ikkje endra seg når den gjeldande penselen vert endra.

3.2.4. Tavlepenselen

Når du brukar kopierkommandoen vert kopien også lagt til i det øvre, venstre hjørnet i penseldialogvindauget. Penselen vert ståande der til du brukar kopierkommandoen igjen, men forsvinn når du lukkar GIMP.

Figur 15.28. Tavlepenselen

Tavlepenselen

[Notat] Notat

Du kan lagra denne penselen i utklipstavla med kommandoen RedigerLim inn somLim inn som ny pensel … så snart han dukkar opp i penseldialogvindauget. Sjå Del 3.10.8, «Lim inn som ny pensel».