5. Filrelaterte dialogvindauge

Dei neste sidene dokumenterer dialogvindauga for å opna, lagra og eksportera bilete.

5.1. Opna biletet

Dialogvindauget Opna bilete vert brukt for å finna biletet som skal lastast inn frå harddisken eller andre lagringskjelder.

5.1.1. Slå på dette dialogvindauget

  • Du har tilgang til dialogvindauget Opna bilete frå menyen via FilOpna ….

  • Du kan også opna dette dialogvindauget med snarvegen Ctrl + O.

5.1.2. Bla gjennom filene

Figur 15.54. Dialogvindauget for opning av bilete

Dialogvindauget for opning av bilete

Dette dialogvindauget bør sjå kjent ut viss du har arbeidd med filer tidlegare. Utsjånaden vert bestemt av operativsystemet, så han kan sjå annleis ut enn på biletet. Vi vil forklara nærare dei detaljane med tal som er ringa inn med raude sirklar.

  1. Dette området gjev deg tilgang til mappene dine og lagringsmediet. Første gongen du opnar dette dialogvindauget etter å ha opna GIMP, vert Tidlegare brukte viste her. Dette er ei spesialmappe som viser bileta (sjå 3) som du har opna før i GIMP.

    Ved sida av mappa Tidlegare brukte fin du også mappa Hein der du finn mapper til dokument, bilete og andre spesielle lokasjonar, og også eksterne lagringsmedia og nettverkdelingar. Venstreklikkar du på ei av desse mappene, vert mappa merkt og lista med bilete vert endra i biletlisteområdet (3).

    Du kan høgreklikka på ei mappe for å få opp ein sprettoppmeny. Ikkje alle kommandoane vil vera tilgjengelege alltid. Den same oppsprettmenyen vert også vist i lista over bokmerke (5).

    Sprettoppmenyen for bokmerkelista og mapper
    Opna

    Dette opnar innhaldet i den valde mappa i vindauget for bilete (3).

    Legg til bokmerke

    Dette gjer at du kan merkja den valde mappa med bokmerke. Bokmerka vert viste i området (5).

    Fjern

    Dette gjer at du kan fjerna eit bokmerke. Dette er kopla frå i andre mapper og einingar.

    Gje nytt namn …

    Dette gjer at du kan endra namn på eit bokmerke og bestemte spesielle mapper. Berre bokmerket eller spesialmappene får nytt namn i dialogvindauget, ikkje den gjeldande mappa det peikar til.

  2. Til vanleg viser denne stien til den gjeldande mappa. Du kan navigera til ei av foreldremappene ved å klikka på den ønskte delen.

    Du kan også skriva inn namnet på eit bilete. Strakst du byrjar å skriva inn, vil lista over filer (3) endra seg og visa berre dei som byrjar med bokstavane du har skrive inn.

    Viss du har bruk for å finna fram til ei plassering som ikkje er tilgjengeleg med å klikka, kan du opna eit tekstfelt der du kan skriva inn eller lima inn den ønskte plasseringa. Denne får du tilgang til med Ctrl+L. Når du har skrive inn plasseringa, trykk Enter.

    [Notat] Notat

    Du kan bruka dette innskrivingsfeltet for å visa innhaldet i ei anna mappe ved å skriva inn adressa til ho, eller opna eit spesifisert bilete ved å skriva inn den fullstendige adressa til det.

  3. Her vert innhaldet i den valde mappa vist. Du kan byta mappe ved å dobbeltklikka med venstre museknappen på mappene eller velja ei fil ved å (enkelt)klikka på henne. Du kan no opna den valde fila ved å trykkja på knappen Opna, eller ved å dobbeltklikka på fila. Du kan berre opna biletfiler.

    Som standard vert lista over biletfiler sortert alfabetisk etter filnamnet. Kolonnenamna over biletlista kan brukast til å endra korleis lista skal sorterast. Klikk på ein kolonne for å bruka han som sorteringskriterium. Eit lite triangel i kolonnenamnet viser at kolonnen vert brukt i sorteringa. Viss triangelet peikar oppover, vert sorteringa utført stigande. Klikkar du på triangelet, vert sorteringa gjort om til synkande og triangelet vil peika nedover.

    Høgreklikk på eit bilete eller ei mappe for å opna sprettoppmenyen:

    Sprettoppmenyen for biletlista
    Opna i filhandsamaren

    Dette er berre tilgjengeleg for mapper. Viss slått på, kan du opna den valde mappa i den standard filutforskaren. Merk: Denne kommandoen verkar for tida ikkje i Windows.

    Kopier adressa

    Denne kopierer adressa til den valde fila over i utklippstavla.

    Legg til bokmerke

    Dette gjer at du kan leggja til den valde mappa som bokmerke. Bokmerka vert viste i området merkt med (5). Dette er kopla frå viss du har merkt ei fil i staden for eit bilete.

    Vis i gøymde filer

    Når denne er slått på, vert gøymde filer viste i lista over biletfiler (3).

    Kolonnen for å visa storleik

    Når denne er slått på, vert storleiken på kvart bilete vist i lista over biletfiler (3).

    Kolonnen for type

    Når denne er slått på, vert filtypen for kvart bilete vist i lista over biletfiler (3).

    Vis tid

    Når denne er slått på, vert klokkeslettet for når biletet vart endra vist i tillegg til datoen.

    Sorter mapper før filer

    Når denne er slått på, vert alle mappene som finst i den valde mappa viste øvst i lista over biletfiler (3). Når denne er slått av, vert mappene viste der dei høyrer heime i sorteringa ut frå kriteria som er sette.

  4. Ein miniatyr av det valde biletet i biletlista (3) vert vist i vindauget for førehandsvising til høgre. Dersom GIMP kjenner igjen filformatet, vert opplysningar om filstorleik, dimensjonar og komposisjon for biletet viste nedføre førehandsvisinga.

    [Tips] Tips

    Dersom biletet er modifisert men ikkje vert endra i førehandsvisinga, klikk på førehandsvisinga for å oppdatera visinga. For å tvinga oppdatering av førehandsvisinga sjølv om biletet ikkje er endra, hald nede Ctrl-tasten medan du klikkar.

  5. Denne delen av lista viser mappene som er bokmerkte. Du kan leggja til bokmerkje med Legg til bokmerkje som kjem fram når du høgreklikkar på ei mappe i biletlista (3).

    Du kan fjerna eit bokmerke med kommandoen Slett som kjem fram når du høgreklikkar på eit bokmerke. Denne sprettoppmenyen kan også brukast for å Gje nytt namn til bokmerket. Å gje nytt namn til bokmerket endrar ikkje namnet på mappa det peikar til.

  6. Ved å klikka på Andre adresser vert det opna ei liste over andre kjende adresser og anna tilgjengeleg utstyr i området for biletlistinga. Du kan bruka dette for å få tilgang til bestemte adresser som ikkje er direkte tilgjengelege i lista til venstre.

  7. Valet Vis alle filer er normalt slått av. Merkjer du av for dette valet, vert alle filene i den merkte mappa viste i staden for berre filene som GIMP kjenner igjen som biletfiler.

  8. Vel filtype kan brukast for å setja filformatet. Dette er ei nedtrekksliste som viser alle filformata GIMP kjenner igjen. Som oftast treng du ikkje ottast for dette sidan GIMP kan bestemma filtypen automatisk.

    Standard er Oppdag automatisk, som gjer at GIMP prøver å bestemma den rette filtypen automatisk.

    Berre i heilt sjeldne tilfelle der det er uråd å bestemma filtypen ut frå filendinga og interne fildata, kan det henda du må bruka lista og velja filtype frå lista.

    [Tips] Tips

    Å søkja etter bestemte filtypar kan vera nyttig i nokre tilfelle. For eksempel når du ønskjer å lasta inn eit Photoshop-bilete som er lagra som eit PSD-bilete (viss det er tilgjengeleg). Sidan Photoshop -bilete ikkje alltid vert lasta inn korrekt i GIMP, gjer dette at du kan sjå biletet slik det var tenkt i Photoshop.

  9. Med Søk kan du leita etter ei fil eller mappe sjølv om du ikkje veit det nøyaktige namnet. Klikk på Søk og skriv inn eit filnamn eller delar av det og trykk Enter-tasten. Det vil no dukka opp ei liste i sentrumsramma (7) over alle filer og mapper i heimemappa (brukarmappa i Windows) med namn som inneheld teksten du skreiv inn. Diverre kan du ikkje avgrense søkeområdet til bestemte filtyper (10).

    Tidlegare brukte viser lista over filer du har opna tidlegare.

5.1.3. Opna eit bilete med ein fargeprofil

Figur 15.55. Dialogvindaget for å behalda innebygd arbeidsplass

Dialogvindaget for å behalda innebygd arbeidsplass

Når du opnar eit bilete som ikkje er i XCF-format med ein innebygd fargeprofil, vil GIMP spørja om du ønskjer å bruka den opphavlege fargeprofilen eller konvertera biletet til fargeprofilen sRGB.

Sjølv om vi generelt rår til å bruka den opphavlege fargeprofilen, går det heilt fint å velja ein av begge. GIMP vil utføra konvertering av profilen i bakgrunnen om det er nødvendig.

[Tips] Tips

Vil du at GIMP ikkje skal spørja om dette, merk av for Ikkje spør igjen. Skulle du endra meining, kan du få fram spørsmålet igjen frå innstillingar Fargehandsaming, Policiar, Innstilingar for opning av fil.