9.7. Erodér

9.7.1. Oversyn

Figur 17.187. Eksempel på bruk av filteret «Eroder»

Eksempel på bruk av filteret «Eroder»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Eroder»

Filteret «Eroder» brukt


Dette filteret utvider og forsterkar mørke område i det aktive laget eller det aktive utvalet.

For kvar biletpiksel fører den pikselverdien (lysstyrke) på linje med den lågaste verdien (den mørkaste) av dei 8 nabopikslane (3 × 3 matrise). Det vert altså lagt ein mørk piksel til rundt mørke område. En isolert piksel på ein lysare bakgrunn vert endra til ein stor «piksel», samansett av 9 pikslar. Dette vil laga noko støy i biletet.

På dette biletet er det ei raud ramme rundt den studerte pikselen og ei grøn ramme rundt den studerte 3×3 matrisa. Dette gjer at pikselen merkt med «I» er innføre den grøne kanten og den studerte pikselen vert svart.

Eit større, mørkt område vert utvida med éin piksel i alle retingar:

På dette biletet er filteret køyrd tre gonger.

På meir komplekse bilete vert dei mørke områda utvida og til ei viss grad forsterka samstundes med at biletet vert svakt «pikselert». På dette biletet er filteret køyrd tre gonger:

Dersom bakgrunnen er mørkare enn forgrunnen, vil filteret sjølvsagt dekke heile biletet.

9.7.2. Aktivering av filteret

Du finn dette fileter i hovudmenyen underFilterGenereltEroder.

9.7.3. Eksempel

Figur 17.188. Eroder tekst

Eroder tekst