6.12. Fjern fargeprofil

Fjern fargeprofil fjernar den gjeldande ICC-profilen frå biletet og set inn GIMP sin innebygde sRGB-profil i staden.

[Notat] Notat

Tilordning av ein ny profil til eit bilete endrar ikkje dei aktuelle kanalverdiane for biletet. Bruk av ein ny ICC-profil endrar berre kva kanalverdiane betyr, noko som gjer at utsjånaden til biletet vert endra. Dette gjeld ikkje når den opphavlege profilen og den nye profilen er funksjonelt like.

6.12.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via BileteFargestyringFjern fargeprofil.

6.12.2. Brukarnotat for Fjern fargeprofil

Viss du fjernar fargeprofilen for biletet:

  1. Utsjånaden på biletet vert endra (med mindre biletet alt er i eit ICC-profilfargerom som har same fargestoff og kanalkoding som det nyleg tildelte GIMP sRGB-fargerommet).

  2. Kanalverdiane i biletet vert ikkje endra ved å fjerna den gjeldande profilen og setja inn GIMP sin innebygde sRGB-profil i staden.

Det kan vera nyttig å fjerna den gjeldande profilen dersom du ønskjer å eksportera eit bilete utan den innebygde ICC-profilen.

Fjern fargeprofil kan berre nyttast dersom ICC-profilen brukt i biletet ikkje er GIMP sin innebygde sRGB-profil. GIMP sin innebygde sRGB-profil vert ikkje lagt inn i biletet ved eksport til lagringsmedium.