7.8. Flett laggrupper

Kommandoen Flett laggrupper flettar saman alle laga i dei gjeldande laggruppene og tek omsyn til dei ulike innstillingane for kvar gruppe, som dekkevne og lagmodus.

Dei nye fletta laga vil vera i normalmodus og vil arva dekkevna frå laggruppene. Viss laga i gruppa er gjennomsiktige, eller i ein annan modus enn normal, vil denne kommandoen generelt endra utsjånaden til biletet.

[Notat] Notat

Denne kommandoen er synleg berre viss det gjeldande laget inneheld minst éi laggruppe.

7.8.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen

  • Frå hovudmenyen via LagFlett laggrupper.

  • Frå lagdialogvindauget ved å velja Flett laggrupper i sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar, eller ved å halda nede Shift medan du trykkjer på knappen Merge Down nedst i dialogvindauget.