3.25. Modular

Modulhandsamaren viser kva for utvidingsmodular som er tilgjengelege. Om du ønskjer det, kan du ha ein viss kontroll med kva for modular som skal lastast ned. Modulane styrer funksjonar som t.d. å velja fargar eller visa filtrering. Alle endringar du gjer i dette dialogvindauget vert aktiverte neste gong du opnar GIMP. Vala du gjer, vil også påverka minnebruken og oppstarttida for GIMP. (Til vanleg har du ikkje bruk for å endra desse innstillingane).

3.25.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom RedigerModular.

3.25.2. Beskriving av dialogvindauget for «Modulhandsamaren»

Figur 16.19. Dialogvindauget for «Modulhandsamaren»

Dialogvindauget for «Modulhandsamaren»

Vindauget i modulhandsamaren viser alle lastbare modular.

Du kan klikka i rutene for å markera eller avmarkera modulane. Alle dei markerte modulane vert lasta inn automatisk neste gong du opnar GIMP.

Du vil ikkje oppdaga skilnaden før du prøver å ta modulane i bruk. Det er for eksempel mange fargeveljarar for å velja forgrunnsfarge eller bakgrunnsfarge. Nokre av desse er modular som berre er tilgjengelege når dei er aktiverte i modulhandsamaren:

Figur 16.20. Eksempel på modular: Modular for fargeveljing

Eksempel på modular: Modular for fargeveljing

Fargeveljarmodulane er lasta inn

Eksempel på modular: Modular for fargeveljing

Fargeveljarmodulane er ikkje lasta inn


Opplysningar om den valde modulen vert vist nedst i dialogvindauget for dei modulane som er lasta ned.

I den andre kolonnen vert føremålet med dei nedlasta modulane vist. Dersom modulen ikkje er lasta inn, vert katalogbanen vist i staden.

Klikk på knappen Oppfrisk for å oppdatere lista over modulane. Modular som er fjerna frå harddisken vert fjerna, medan nye modular som vert fundne vert lagt til.