3.26. Einingar

Einingshandsamaren viser ei liste med informasjon om kva for måleeiningar som er i bruk i GIMP. Du kan også leggja inn nye måleeiningar som kan brukast i GIMP.

3.26.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom RedigerEiningar.

3.26.2. Beskriving av «Einingshandsamaren»

Figur 16.21. Dialogvindauget for «Einingshandsamaren»

Dialogvindauget for «Einingshandsamaren»

Biletet viser dialogvindauget for «einingshandsamaren». Denne lista viser kva for måleeiningar som er definerte. Du kan klikka på ein av knappane Ny eller Duplikat for å lage nye måleeiningar slik det er forklart nedanfor.

Beskriving av listeelementa

  • Lagra: Dersom du har kryssa av her, vert definisjonen lagra når du sluttar av GIMP. Dei einingane som er utheva med farge øvst på lista vert alltid lagra, same kva du ønskjer.

  • ID: Namnet GIMP bruker for å identifisera eininga.

  • Faktor: Kor mange einingar som må til for å få ein inch (engelsk tomme).

  • Siffer: Dette vert brukt i felt for innskriving av tal, og viser kor mange desimalar eininga må ha for å verta like nøyaktig som ein «inch» (engelsk tomme) skrive med to desimalar.

  • Symbol: Vert brukt berre dersom det finst eit eige symbol for eininga, som t.d. " for tommar. Elles vert den vanlege forkortinga for eininga brukt.

  • Forkorting: Den vanlege forkortinga for eininga. (T.d. «cm» for centimeter).

  • Singularis: Namnet på eininga i eintalsform.

  • Pluralis: Namnet på eininga i fleirtalsform.

3.26.3. Å definere nye einingar

Figur 16.22. Dialogvindauget for «ny eining»

Dialogvindauget for «ny eining»

Å legge til den nye eininga «wilbers»


Du får fram dialogvindauget vist ovanfor ved å klikka på ein av knappane Ny eller Duplikat i einingshandsamaren. Innhaldet i kvart av felta er omtalt ovanfor.

Dersom du klikkar på knappen Ny, er dei fleste innskrivingsfelta tomme. Trykkjer du knappen Duplikat kjem dialogvindauget opp ferdig utfylt med verdiane frå den eininga du har markert i Einingshandsamaren. Du kan redigera verdiane etter behov.