6.13. Verktøykassa

Figur 15.95. Brukarinnstillingane for verktøykassa

Brukarinnstillingane for verktøykassa

6.13.1. Innstillingar

Figur 15.96. Normalinnstillingane

Normalinnstillingane

Her kan du i avgrensa grad bestemma utsjånaden til verktøykassa. Du kan slå av eller på visinga av ein del informasjonar viste nederst i verktøykassa.

Utsjånad

Vis GIMP-_logoen (dra og slepp)

Du kan klikka og dra og sleppa eit biletet hit frå ein filutforskar for å opna det.

Vis forgrunns- og bakgrunnsfargen

Kontrollerer om fargeområdet (2) til venstre i verktøykassa skal vere synleg eller ei.

Vis aktiv pensel, mønsterelement og fargeovergang

Bestemmer om området i sentrum (3) med symbolet for pensel, mønsterelement og fargeovergang skal vere synleg i verktøykassa.

Vis aktivt biletet

Bestemmer om visinga av det aktive bilete er synleg (4).

Bruk verktøygrupper

Sidan GIMP-2.10.18 kan verktøya grupperast i verktøykassa (sjå Del 1.2, «Verktøysymbola»).

Verktøyoppsettet

I denne lista er verktøya som er tilgjengelege i verktøykassa merkte med eit auge. Verktøy utan auge kan leggjast til i verktøykassa ved å trykkja på den tilsvarande avkryssingsboksen.

Sidan GIMP-2.10.18 er verktøya grupperte. Du kan

  • Flytt grupper ved å bruka dra og slepp eller pilene nedst i vindauget.

  • Lag ny gruppe ved å bruka Lag ei ny laggruppe nedst i vindauget. Denne laggruppa er tom når ho vert laga.

Endringane vert brukte straks.