2.4. Teikneflata er usynleg

Figur 4.3. Laget er usynleg

Laget er usynleg

Lagdialog med «Synleg» slått av for det aktive laget.


Symptom: I lagdialogvindauget kan du slå visinga av alle laga av eller på. Sjå etter i lagdialogvindauget at det laget du arbeidar på er markert som aktivt (altså gjort mørkare), og at det har eit augesymbol til venstre for seg. Viss ikkje er dette problemet.

Løysing: Dersom det laget du meiner å arbeida på ikkje er aktivt, klikk på det i lagdialogvindauget for å gjera dette til det aktive laget. Dersom ingen av laga er markerte som aktive, kan det hende at det aktive teikneområdet er ein kanal. Dette kan du kontrollera i kanaldialogvindauget. Dette endrar likevel ikkje løysinga. Dersom det ikkje er noko augesymbol framføre laget, klikk på staden der symbolet skulle ha vore, og auget dukkar opp og markerer at nå er laget synleg. Sjå under lagdialogar dersom du treng meir hjelp.