Verktøyet for avskugging eller etterbelysing brukar den gjeldande penselen for å gjera fargane i biletet lysare (avskugging) eller mørkare (etterbelysing) avhengig av modusinnstillinga.
Det er fleire måtar å slå på verktøyet på:
Frå biletmenyen via
→ → .Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassen.
Med tastesnarvegen Shift + D.
Hald nede Ctrl-tasten for å skifta mellom vald funksjon (avskugging eller etterbelysing). Valet er i bruk så lenge du held tasten nede.
Shift-tasten gjer at verktøyet etterbelys / avskugg teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på , vil verktøyet arbeida i ei rett linje. Klikkar du fleire gonger, skjer etterbelysinga/avskugginga i rette linjer frå sluttpunktet til den førre linja.
Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa så snart som du slår på verktøyet. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opna verktøyinnstillingane for det valde verktøyet.Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.
Hard kant: dette valet gjev eit hardt omriss til dei brukte områda.
Innstillinga «type» bestemmer kva som skal vera standard arbeidsmodus. Verktøyet vil skifta til den modusen som ikkje er vald når du held nede Ctrl-tasten.
Avskugging gjer fargane lysare.
Det er tre modus:
Skuggar: verknaden er sterkast på mørke fargar.
Mellomtoner: verknaden er sterkast på fargar i mellomskiktet.
Lyse toner: verknaden er sterkast på lyse fargar.
Definerer kor sterk verknaden skal vera på biletet. Normalinnstillinga er 50, men kan varierast frå 0 til 100. Dess høgare verdi dess sterkare verknad.