5.2. Eksportera filformat

Nokre av bileta som ikkje er i XCF-format har nokre tilleggsinnstillingar som fortel korleis dei skal opnast i GIMP. I tilfelle vert det opna eit nytt dialogvindauge. Denne bolken vil dokumentera alle filformata som har denne innstillinga.

5.2.1. Importera frå PDF

Figur 15.58. Dialogvindauget for PDF-import

Dialogvindauget for PDF-import

Viss du opnar ei PDF-fil i GIMP, vert det opna eit dialogvindauge der du kan bestemma korleis PDF-fila skal opnast.

Opna sida som

Viss dette er sett til Bilete, vil GIMP opna kvar av dei valde sidene som eit eige bilete. Er det sett til Lag, vil GIMP laga eitt bilete med kvar vald side som eit lag.

Vel område:

Du kan velja sider ved å skriva inn tal eller talområde skilde med komma. For eksempel vil 4-7,9 velja sidene 4, 5, 6, 7 og 9 i dokumentet. Standard er å velja alle sidene.

Vel alle

Bruk denne knappen for å velja alle sidene i dokumentet.

Breidd, Høgd, Oppløysing

Storleiken på biletet vert bestemt av kva som er sett for Breidd, Høgd og Oppløysing. Kvart dokument inneheld informasjon om breidd og høgd i einingar med fysisk lengd, så det gjev meining å setja breidda og høgda i pikslar og oppløysinga i pikslar per fysisk lengdemål. Endrar du ein av desse tre parameterane, vert dei andre automatisk endra tilsvarande.

Last inn i omvendt rekkjefølgje

I vanleg oppsett vert den første sida lastast inn først, noko som betyr at ho vert botnlaget. Viss du merkjer av for denne, vert den første sida lasta inn sist og vert det øvste laget.

Bruk utglatting

Merk av i denne boksen for å bruka utglatting på tekst i biletet.

Fyll gjennomsiktige område med kvit

Når denne er avmerkt, vert alle gjennomsiktige område i PDF-sidene fylte med kvitt. Når denne ikkje er merkt av, vil gjennomsiktige område behalda gjennomsikta.

5.2.2. Import frå PostScript

Figur 15.59. Dialogvindauget for Postscript-import

Dialogvindauget for Postscript-import

Viss du opnar ei PostScript-fil i GIMP, vert det opna eit dialogvindauge der du kan bestemma korleis fila skal opnast. Merk: Innstillingane for sideutvala kjem opp bere viss det er minst to sider i dokumentet.

Opna sida som

Viss dette er sett til Bilete, vil GIMP opna kvar av dei valde sidene som eit eige bilete. Er det sett til Lag, vil GIMP laga eitt bilete med kvar vald side som eit lag.

Vel område:

Du kan velja sider ved å skriva inn tal eller talområde skilde med komma. For eksempel vil 4-7,9 velja sidene 4, 5, 6, 7 og 9 i dokumentet. Standard er å velja alle sidene.

Vel alle

Bruk denne knappen for å velja alle sidene i dokumentet.

Breidd, Høgd, Oppløysing

Storleiken på biletet vert bestemt av kva som er sett for Breidd, Høgd og Oppløysing. Kvart dokument inneheld informasjon om breidd og høgd i einingar med fysisk lengd, så det gjev meining å setja breidda og høgda i pikslar og oppløysinga i pikslar per fysisk lengdemål. Endrar du ein av desse tre parameterane, vert dei andre automatisk endra tilsvarande.

Prøv grenseboks

Viss det er merkt av for dette, vil GIMP bruka grensefeltinformasjonen i PostScript-fila for å bestemma kor mykje av sida som skal brukast: Dette svarar til faktisk å klippa bort blankteikn frå kantane på biletet. Det er mogleg for ei PostScript-fil å ikkje innehalda informasjon om grensefelt, i så fall vert dette alternativet ignorert.

Fargeleggjing

Vel S/K for at GIMP skal laga biletet som eit indeksert bilete med to fargar. Grå for eit gråtonebilete eller Farge for eit RGB-bilete (sjå Del 1, «Bilettypar» for ei fullstendig forklaring på desse ulike modusane). Viss du vel Automatisk vil GIMP prøva å finna ut kva som er den mest høvelege modusen for det aktuelle biletet.

Kantutjamning av teksten, Kantutjamning av grafikk

Du kan velja at GIMP skal bruka kantutjamning separat for tekst og for grafikk i det importerte biletet. Du kan velja mellom anten Ingen, Svak eller Sterk kantutjamning. I dei fleste tilfella bør du velja Sterk.