14.22. Puslespel

14.22.1. Oversyn

Figur 17.374. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Puslespel»


Dette filteret gjer at biletet ser ut som eit ferdig samansett puslespel. Strekane har lett for å verta hakkete, men dette kan enkelt utbetrast med filteret Gaussisk sløring med radius omkring 1,0.

[Tips] Tips

Dersom du har behov for å markera enkeltbitar frå puslespelet, kan dette gjerast ved å teikna puslespelet på eit separat lag fylt med einsfarga kvit. Sett lagmodus til «Multipliser» og klikk på bitane i dette nye laget med verktøyet tryllestaven.

14.22.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterTeikningarMønsterelementPuslespel….

14.22.3. Innstillingar

Figur 17.375. Innstillingane for filteret «Puslespel»

Innstillingane for filteret «Puslespel»

Talet på bitar

Glidebrytarane styrer kor mange bitar det skal vere bortover og nedover.

Avrunda kantar

Fasettbreidde

Denne glidebrytaren vert brukt til å runde av kantane på bitane. Ein liten verdi her gir inntrykk av at puslespelet er skore ut i tre, medan ein større verdi gir avrunda kantar omlag som dei du finn på puslespel i papp.

Høglys

Glidebrytaren for høglys kontrollerar styrken til høglysa som vert viste på kantene av kvar brikke. Du kan samanlikne det med «glansen» til materialet puslespelet er laga av. Breidda på høglysa er sett i høve til breidda på kantavrundinga. Dess fleire brikker du legg til i puslespelet, desto lågare verdiar for blandebreisse og høglys bør du bruka. Standardverdiane passar for eit bilete på 500×500 pikslar.

Puslespeltype

Du kan velja mellom to typar puslespel:

Firkanta

Dette gir bitar med rette linjer.

Bøygd

Dette gir kurveforma bitar.