14.23. Qbist

14.23.1. Oversyn

Figur 17.376. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret
Eksempel på bruk av filteret
Eksempel på bruk av filteret

Filteret Qbist genererer ein tilfeldig struktur sett saman av geometriske figurar og fargeovergangar.

14.23.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterTeikningarMønsterelementQbist…

14.23.3. Innstillingar

Figur 17.377. Innstillingane for filteret «Qbist»

Innstillingane for filteret «Qbist»

Filteret «Qbist» genererer tilfeldige teksturar. Ein starttekstur vert vist i den midtarste firkanten med ulike variasjonar rundt denne. Viss du likar ein av dei alternative teksturane, klikkar du på han. Den valde teksturen dukkar no opp i midten, merkt med «Mønster» og variantar av det spesifikke temaet vert viste rundt han. Når du har funne teksturen du ønskjer, klikk på han og deretter OK. Teksturen vert no vist på det gjeldande laget i staden for det tidlegare innhaldet, som forsvinn

Kantutjamning

Er denne aktivert, vert alle kantane i biletet glatta ut.

Angre

Gjer at du kan angra det siste du gjorde.

Opna, Lagra

Det er i praksis uråd å finna fram til eit tidlegare kreert mønster. Finn du eit brukbart forslag, er det difor greitt å kunne lagra dette og henta det fram igjen seinare.