14.9. Massiv støy

14.9.1. Oversyn

Figur 17.343. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Massiv støy»


«Massiv støy» er ein flott teksturprodusent. Merk at denne støyen alltid er grå, sjølv om du brukte filteret på eit fargerikt bilete (det spelar inga rolle korleis originalbiletet ser ut ‒ dette filteret overskriv bakgrunnen i laget det vert brukt på.). Dette er også et godt verktøy for å laga forskyvingskart for verktøyet Forvrenging eller for filteret Avbilding frå kart . Med «turbulens»-innstillinga slått på, vert resultata nokså nær ekte skyer.

14.9.2. Slik slår du på filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterTeikningarStøyMassiv støy ….

14.9.3. Innstillingar

Figur 17.344. Innstillingane for filteret «Massiv støy»

Innstillingane for filteret «Massiv støy»

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

X-storleik, Y-storleik

Her bestemmer du storleik og proporsjonar for støyen i biletet.

Detaljar

Låge verdiar vil gje få detaljar og eit resultat som kan minna om mjuke skyer. Høge tal vil gje eit hardare bilete, meir som om det skulle vere laga av små partiklar, eller spraymaling.

Saumlaus

Dette, litt merkelege ordet betyr berre at dersom funksjonen er avmerka, vil du få ein støy som kan flisleggjast. Dette er ofte brukt som bakgrunn i nettsider, og betyr at fleire kopiar av biletet kan leggast side om side utan synlege fuger.

Turbulens

Denne innstillinga kan gje ganske interessante effektar, noko liknande oljefilm på vatn, cellevev, røykskyer eller «Rorschach flekker» (desse flekkane som vert brukte i psykiatrien for å testa folk).

Tilfeldig frø, Nytt frø

This option controls the randomness of the filter. The Random seed box lets you manually enter a seed for the randomization algorithm used. You can also generate a random seed by pressing the New Seed button. If the same random seed is used in the same situation, the filter produces exactly the same results. A different random seed produces different results.