8.5. Kulør og metning

Kommandoen «kulør-metning» vert brukt for å justera kulør, metning og lysnivå på eit fargeområde for det valde området eller det aktive laget.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar ikkje på bilete i gråtoner. Dersom biletet er i gråtoner er kommandoen kopla ut.

8.5.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via FargarKulør og metning.

8.5.2. Innstillingar

Figur 16.132. Innstillingar for «Kulør og metning»

Innstillingar for «Kulør og metning»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Vel primærfargen som skal justerast

Du kan velja å justera kvar av dei tre ptimærfargane (raud, grøn og blå) og dei tre komplimentærfargane (cyanblå, magentaraud og gul). Dei er sett opp i høve til fargesirkelen. Når kuløren aukar, går kuløren mot klokka, når han minkar, med klokka. Når du trykkjer på knappen Hovud, vert alle endringar utførte på alle fargane. GIMP har som standard sett raud til 0. Merk at desse fargane refererer til fargeområde, ikkje til fargekanalane.

Endringane i kuløren vert vist i fargerutene og er synlege i biletet viss det er merkt av for førehandsvising.

Overlapping

Med dene gidebrytaren kan du bestemma kor mykje fargeområda skal ovelappa kvarandre. Denne effekten er svært subtil og fungerer berre på fargar som er i slekt med kvarandre:

Figur 16.133. Eksempel på innstillingane for «Overlapping»

Eksempel på innstillingane for «Overlapping»

Originalbiletet. Frå venstre til høgre: raudaktig gul (255;240;0); rein gul (255;255;0); grønaktig gul (240;255;0).

Eksempel på innstillingane for «Overlapping»

Overlapping = 0. Kulør = 15. fargane vert (186;255;1), (168;255;1), (156;255;1).

Eksempel på innstillingane for «Overlapping»

Overlapping = 100. Kulør = 15. Fargane vert (192;255;1), (168;255;1), (162;255;1). Dette fordi overlapping av grønaktig er mindre grøn og raudaktig er mindre raud.


Juster dei merkte fargane
  • Kulør: Du kan bruka glidebrytaren eller innskrivingsboksen for å velja kulør i fargesirkelen (-180, 180).

  • Lysverdi: Du kan bruka glidebrytaren eller innskrivingsboksen for å velja ein verdi (lysmengd): -100, 100.

    [Notat] Notat

    Endringane i lysverdiar her gjeld eit fargeområde, medan dei gjeld ei fargetone med verktøya «kurver» og «nivå», som fungerer på fargekanalar. Viss du endrar den gule lysstyrken med «Kulør-metning», vert alle gule pikslar endra, medan lysverdien i berre mørke, lyse eller medium pikslar vert endra med verktøya «Kurver» eller «Nivå».

  • Metning: Glidebrytaren og innskrivingsboksen let deg velja ei metning; -100, 100.

Knappen Tilbakestill farge set endringane du har gjort i kulør, lysverdi og metning for den valde fargen tilbake til det opphavlege.

Blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».