4.10. Å skilja eit motiv frå bakgrunnen

Figur 3.28. Motiv med bakgrunn

Motiv med bakgrunn

Av og til kan ein ha bruk for å skilja eit motiv ut frå bakgrunnen. Det kan vera for å ha motivet på ein einsfarga bakgrunn, gjera bakgrunnen gjennomsiktig slik at motivet kan leggjast over andre bakgrunnar, eller av heilt andre årsakar. For å gjere dette, kan ein bruke eit eller fleire av dei mange utvalsverktøya i GIMP for å laga eit utval rundt motivet. Dette er ikkje ei enkel oppgåve, og det er avgjerande å velja rett verktøy. Du har fleire verktøy som kan gjera dette:

4.10.1. Når du har merkt objektet ditt

Når du endeleg har fått utvalet slik det skal vera, brukar du UtvalInverter. I staden for at motivet er vald, vert no bakgrunnen vald:

  • Å gjera bakgrunnen einsfarga:

    Klikk på merket for forgrunnsfargen (den øvre av dei to overlappande fargefirkantane) i verktøykassa og vel ønskt farge. Bruk deretter Del 3.4, «Bøttefyll» for å bytta ut bakgrunnen med denne fargen.

    Figur 3.32. Resultat av å leggja til ein einsfarga fargebakgrunn

    Resultat av å leggja til ein einsfarga fargebakgrunn

  • Å laga farga motiv på svart/kvit bakgrunn:

    Gå inn på menyvalet FargarMindre metning og prøv deg fram til det beste resultatet ved å bruke dialogvindauget som dukkar opp. Trykk på OK-knappen når du er ferdig.

    Figur 3.33. Resultatet av å avmetta bakgrunnen

    Resultatet av å avmetta bakgrunnen