2.4. Frihandsutvalet (Lassoverktøyet)

Frihandsutvalet vert brukt for å laga eit utval ved å teikna det med musepeikaren.

Du kan bruka dette verktøyet på to måtar. Du opprettar først startpunktet ved å klikka på biletet. Så:

I begge tilfella dobbeltklikkar du på sluttpunktet for å lukka utvalet med ei rett linje.

I polygonal modus er dette valet eit mellombels utval (marsjerande maur), men den vesle gule sirkelen er framleis til stades: du kan kopiera utvalet og ved å trykkja Rette-tasten går du tilbake til førre steg (opnar forma på nytt), og du kan redigera utvalet.

Trykk Enter eller dobbeltklikk utanfor forma for å validera utvalet.

Ved å trykkja og sleppa musepeikaren, kan du blanda frihandssegment og polygonale segment. Du kan gå utføre kanten av biletvisinga og koma inn igjen viss du vil.

Frihandsutvalet («lassoen») er ofte eit godt verktøy for å laga eit «grovt» utval, men er ikke så bra for presis definisjon. Erfarne brukarar finn gjerne ut at det ofte er praktisk å byrja med frihandsutvalet men deretter byta til snarmaske-modus for detaljarbeid.

Du kan finna meir om utvala og bruken av dei i GIMP i kapitlet Utval. Funksjonar som er felles for utvalsverktøya er omtalte i avsnittet Utvalsverktøya.

[Notat] Notat

Har du tilgang på digitalt teiknebrett, vil du finne at dette er mykje enklare i bruk saman med lassoen enn datamusa.

Figur 14.12. Å blanda frihandssegment og polygonale segment

Å blanda frihandssegment og polygonale segment

2.4.1. Slik slår du på verktøyet

Du kan slå på verktøyet på mange måtar:

  • Frå hovudmenyen via VerktøyUtvalsverktøyaFrihandslutval.

  • Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassen.

  • Ved bruk av snarvegen F.

2.4.2. Valtastar

Frihandsutvalet har ingen spesielle innstillingar for valtastane utover dei som er omtalte under felles valtastar.

Rettetasten gjer at du går tilbake til førre utvalssteget (fjernar det siste utvalssegmentet), Escape avbryt alle utvalssegmenta.

2.4.3. Å bruka verktøyet

Korleis du kan flytta dette utvalet er nærare omtalt i avsnittet å flytta utval. (Du kan flytta omrisset for utvalet med piltastane, men ikkje med musepeikaren).

Figur 14.13. Eit grovt utval gjort med frihandsutvalet.

Eit grovt utval gjort med frihandsutvalet.

2.4.4. Innstillingar

Figur 14.14. Innstillingane for «Frihandsutvalet»

Innstillingane for «Frihandsutvalet»

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa så snart som du slår på verktøyet. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDokkpanelVerktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det valde verktøyet.

Modus, Kantutjamning, Mjuke kantar
[Notat] Notat

Mange av innstillingane er felles for alle utvalsverktøya og er nærare omtalte i Innstillingar for utvalsverktøy. Berre innstillingar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her.

Dei marsjerande maura viser ei kontinuerleg linje, noko som betyr at utvalet ikke er validert enno og at du framleis kan endra forma på utvalet (musepeikaren viser «Flytt-ikonet») . Men du kan ikkje bruka (halda nede) Shift, Ctrl enno. Du må trykkja på Enter-tasten. Deretter kan du bruka (halda nede) Shift for å leggja til eit utval, Ctrl for å trekkja frå eit utval, Shift + Ctrl for å laga snitt mellom to utval. Når du er nøgd med endringane, trykk Enter-tasten for å validera valet.